Generell fastetid før undersøking/operasjon er 6 timar.
Barnet må ikkje ete, tygge tyggegummi, eller suge på drops/pastill, etter midnatt før undersøkings/-operasjonsdagen.
Barnet kan og bør drikke saft eller vatn, inntil 2 timar før møtetidspunkt.
NB: Ikkje juice med fruktkjøtt eller drikke laga av mjølk. Heller ikkje nokon form for røyk/snus.
Det er viktig at barnet møter nydusja/ bada og i reine kle.
Kontaktlinser, smykke, ringar, øyredobbar, piercing og neglelakk må fjernast før undersøking/operasjon.
Dersom barnet bruker medisinar eller inhalasjonar, skal desse takast med til sjukehuset og de vil få beskjed om kva faste medisinar barnet skal ta.
Då eg kom til avdelinga ville doktoren vite om eg hadde lause tenner, var forkjøla eller om eg nettopp hadde vore sjuk. Ho lytta på meg og høyrde på hjartet mitt. Sjukepleiaren spurde kor mykje eg veg. Då vegde eg meg på sjukehuset, sidan det var lenge sidan eg hadde gjort det heime.
Du kan godt ta med eit kosedyr eller noko å lese eller leike med. Eg hadde med Lola.Bedøvingskrem/plaster
Dei som får beskjed, skal ha på barnet bedøvingskrem/plaster. Det er fordi barnet skal få ei venekanyle. Det er eit lite plastrør som vert lagt inn i ei blodåre.
Kremen/plasteret skal settast på barnet si hand og innsida av albuen, helst på synleg blodåre. Dette skal gjerast rett før de reiser til sjukehuset, operasjonsdagen.
Bedøvingskrem/plaster kjøper de reseptfritt på apotek.
Eg har fått to bedøvingsplaster, eit på handa og eit på innsida av albuen.
Bedøvingsplastera gjer at det ikkje vart så vondt å få denne på handa. Gjennom denne skal eg få medisin.