Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Narkose

Narkose er ei bedøving (anestesi) som verka i heile kroppen. Du blir smertefri, søv og kroppen blir heilt slapp. Vi bruker narkose dersom det av ulike årsaker ikkje er mogleg å gjennomføre operasjonen med lokalbedøving. For at vi skal kunne gjennomføre ein operasjon med narkose, er det viktig at du fastar og følgjer alle førebuingane.
Nokre gongar gir vi òg narkose i samband med helsehjelp som vanlegvis blir utført utan narkose. Dette kan eksempelvis vere i samband med blodprøvetaking, tannbehandling, gynekologisk undersøking, undersøking av auge og øyre, gastroskopi og mindre kirurgiske inngrep.

I tilfelle der det er formålstenleg å gjennomføre fleire utgreiingar eller behandlingar i same narkose, er det viktig at dette kjem klart fram i tilvisninga.

Visande instans kan vere fastlege, distriktstannlege, tannlege eller lege i spesialisthelsetenesta.

Tilvising til koordinert helsehjelp i narkose må innehalde:

  • Klar problemstilling med nødvendig sjukehistorie
  • Behov for koordinering av fleire undersøkingar og behandlingar samtidig
  • Prioritert rekkefølge for utgreiing/behandling
  • Hastegrad for heile tilvisinga

Tilvisinga skal sendast til dei aktuelle fagområda i Helse Møre og Romsdal. Inntakskoordinator for det høgast prioriterte området samordnar innover i det enkelte sjukehuset.


Før

Førebuing heime

Faste

Du skal ikkje ete eller drikke mjølk i 6 timar før operasjonen. Du kan drikke litt vatn, saft, brus, te eller kaffi inntil 2 timar før planlagt inngrep. Unngå snus, tyggegummi og sukkertøy i 2 timar før operasjonen. Dersom du ikkje fastar før operasjon i narkose, kan vi ikkje gjennomføre behandlinga.

Røyking

Det er påvist at røyking oftare fører til lungekomplikasjonar (lungebetennelse) og sårinfeksjon. Dersom du røyker tar det også lenger tid å bli frisk. Du bør derfor slutte å røyke fire til åtte veker før operasjonen. Sjølv om du ikkje klarar å slutte å røyke fleire veker før inngrepet, er det viktig at du ikkje røyker den dagen du skal opererast

Smykke

Du må fjerne ringar, klokker, øyredobbar, piercingar, kontaktlinser, sminke og neglelakk før operasjonen. Briller og høyreapparat kan du ha på deg/med deg.

Medisinar

Ta med deg alle medisinar som du bruker til vanleg (alternativt ei liste over alle medisinar). Det er viktig at sjukehuset veit kva medisinar du bruker, spesielt gjeld dette blodfortynnande medisinar (Albyl, Plavix, Efient, Brilique, Marevan, Xarelto, Eliquis, Pradaxa, Persantin). Hugs også å sei ifrå om du bruker naturmedisinar, for eksempel ginkgo, ginseng og kvitløk.

Førebuingar på sjukehuset

Tannstatusen din

Vi må vite om du har protesar, bru, kroner, stifter eller lause tenner. Du kan bruke protesar frem til du kjem inn til operasjonsstova. Vi tek ut protesane før du sovnar.

Eventuelle allergiar

Du må sei ifrå om allergiar og matintoleranse, særlig dersom det er medisinar du ikkje kan ha. Før du blir lagt i narkose vil du igjen bli spurt om nakkeplager, allergiar og om du har kunstige eller dårlige tenner. Du har blitt spurt om dette tidlegare, men vi ønsker å vere på den sikre sida.

Under

Når du kjem til operasjonsstova får du ein såkalla veneflon (ei nål som er tilkopla ein plastslange) i armen. Gjennom denne slangen får du dei ulike medisinane. Først får du smertestillande, då blir du som oftast døsig, men du er framleis vaken og kan følgje med på førebuinga til operasjonen. Deretter får du ei maske med oksygen over munn og nase som du skal puste i før du sovnar. Vidare får du sovemedisinen som verkar i løpet av kort tid. I nokre tilfelle (særleg hos barn) gir vi narkosegass via ei maske.

Hjelp til å puste
Når du er i narkose treng du hjelp til å puste. Enten fører vi eit plastrøyr inn i luftrøyret eller sett vi ned ei maske i svelget. Dette kan gjere at du blir hes i etterkant av operasjonen. I sjeldne tilfelle kan tenner bli skada, spesielt dersom dei er lause eller i dårleg stand.

Nøye overvaking
Nokon er redde for å vakne opp under operasjonen utan at dei kan si ifrå om dette, at dei skal kjenne smerte sjølv om dei har fått narkose eller at dei ikkje vaknar opp frå narkosen i det heile tatt. Slike ting skjer svært sjeldan.
Under heile narkosen er anestesisjukepleiar eller anestesilege rett ved sida av deg og passar på at du søv godt og får riktig mengde bedøving. Blodtrykk, puls og mengde surstoff i blodet målast kontinuerleg. Dersom det er teikn til at narkosen ikkje er djup nok, aukar vi tilførselen av bedøving. I samarbeid med kirurgen reduserer/stoppar vi tilførselen av narkosemiddel etter inngrepet er gjennomført.

Komplikasjonar
Alvorlege komplikasjonar er sjeldan hos friske personar. Dersom du er sjuk og/eller gammal er ein stor operasjon i narkose ei belasting for kroppen. Det er risiko for komplikasjonar som for eksempel lungebetennelse og hjerteinfarkt.

g_7669ad5a_0b1b_413b_b0c1_52a06f576700

Etter

Når du vaknar opp frå narkosen, overvaker vi hjerterytmen din, samt puls, blodtrykk og pust.

Smerter
Dei aller fleste opplev smerter etter ein operasjon, men du får smertestillande medikament etter behov.
Nokon blir kvalme, spesielt personer som har lett for å bli bilsjuke. Sei ifrå dersom du blir kvalm etter narkosen, då kan vi gi deg medikament som verkar mot dette.

Mange eldre blir forbigåande forvirra etter ein narkose.

Når kan eg reise heim?
Mange kan reise heim allereie den same dagen, men dette varierer og avhenger av kva type operasjon du har gjennomgått.

Du kan ikkje køyre bil den same dagen som du har fått narkose. Du skal heller ikkje vere aleine heime den første natta etter ein narkose.



Ver merksam

Dersom det oppstår anna sjukdom, feber, hoste eller andre infeksjonar, for eksempel forkjøling, når operasjonsdagen nærmar seg - ta kontakt med oss slik at vi kan vurdere om vi kan gjennomføre operasjonen. Gi også beskjed dersom du blir gravid.