Første gong du kjem, har vi ein samtale om kvifor du er hos oss og kva undersøkinga går ut på. Vi spør blant anna om noverande og tidlegare fungering, utviklingshistorie m.m. Dersom du ønsker det kan pårørande, eller andre som kjenner deg godt, vere med i den første samtalen. Som regel blir det gjennomført testing. Testinga blir utført av nevropsykolog og blir vanlegvis fordelt over 2 dagar eller meir. Testane kan vere munnlege, skriftlege eller praktiske. Ingen av dei gjer vondt, men du kan blir trøytt etterpå.