Innkallingsbrevet inneheld informasjon som er viktig for undersøkinga. Les derfor brevet grundig.
Dersom du ikkje kan møte til time, ber vi deg om å gi beskjed om dette så raskt som mogeleg etter at du har fått innkallinga.
Dersom du er gravid, kan vere gravid eller ammar, skal du ta kontakt med nukleærmedisinsk avdeling så raskt som mogeleg. Ved graviditet eller amming kan ein i dei fleste tilfella ikkje gjennomføre undersøkinga.
Du kan ikkje gjennomføre undersøkinga dersom du i løpet av dei siste åtte vekene har vore til røntgenundersøking med intravenøs kontrast som inneheld jod.
Viktige førebuingar
- Dersom du brukar medisinar for å regulere stoffskifte kan det hende du må slutte med desse ei tid før undersøkinga. Du vil få informasjon om dette i innkallingsbrevet dersom det gjeld deg.
- Ikkje ta med gravide eller små barn som følge til undersøkinga.
- Ver vennleg å ikkje ha på smykke eller andre metallgjenstandar når du kjem til undersøking.