Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
DMSA nyrescintigrafi, vaksen
Nukleærmedisinsk undersøking av nyrene ved Ålesund sjukehus
Ved DMSA nyrescintigrafi bruker vi eit radioaktivt merka stoff som blir tatt opp i nyrene. Vi tar bilete med eit gammakamera eller ein SPECT/CT, for å sjå fordelinga av det tadioaktive merka stoffet i nyrene dine. På denne måten kan vi beregne funksjonsfordeling mellom høyre og venstre nyre.
Undersøkinga kan mellom anna brukast for å vurdere korleis nyrene har blitt påverka etter ein nyreinfeksjon og evaluering før eventuell operasjon for å fjerne ei nyre.
Før
Dersom du er gravid, kan vere gravid eller ammer skal du ta kontakt med oss.
Innkallingsbrevet inneheld informasjon som er viktig for undersøkinga. Les difor brevet grundig. Dersom du ikkje kan møte til time, ber vi om at du gir beskjed så raskt som mogeleg.
Du kan ete, drikke og ta medisinane dine som vanleg
Vi treng informasjon om høgda og vekta di
Ikkje ta med gravide eller små barn som følge til undersøkinga
Under
Du får ein kanyle i arma og gjennom denne får du eit radioaktivt merka stoff i blodet. Det tek 2-4 timar før fordelinga av stoffet er optimalt, difor må du vente denne tida før vi kan ta bileta.
Du treng ikkje å bli verande ved nukleærmedisinsk avdeling, du får beskjed om når du skal kome tilbake for å ta bileta.
Du må tisse/tømme blæra rett før vi skal ta bileta. Billedtakinga tek 15-30 minutt, og det er viktig at du ligg stille denne tida.
Etter
Etter undersøkinga kan du reise heim.
Bileta blir etterbehandla og vurdert av lege ved nukleærmedisin. Legen som tilviste deg får resultatet tilsendt skrifteleg.
Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Det er også besøksparkering mellom kreftavdelinga og barne- og ungdomsavdelinga.
Parkeringa blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning.
Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering
HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget.
Oversikt over sjukehusområdet
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering.
Kart
For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.
Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen.
Fly
Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus.
Praktisk informasjon
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Treng du nokon å snakke med? Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.
Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.
Opningstid
07.30–15.30
Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved hovudinngangen.
Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.
Du finn oss i 1. etasje, fløy M. Velkomen!
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
Helg og høgtid: stengt
Kiosk
I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset.
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
Raude dagar: 10.00 - 18.00
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.