Innkallingsbrevet inneheld informasjon som er viktig for undersøkinga. Les difor brevet grundig.
Dersom du ikkje kan møte til time, ber vi om at du gir beskjed så raskt som mogeleg.
Dersom du er gravid, kan vere gravid eller ammar, skal du ta kontakt med nukleærmedisinsk avdeling så raskt som mogeleg. Ved graviditet eller amming kan ein i dei fleste tilfelle ikkje gjennomføre undersøkinga.
Viktige førebuingar
- Dersom du brukar medisinar for å regulere stoffskifte kan det hende du må slutte med desse ei tid før undersøkinga. Følg beskjed frå henvisande lege.
- Ta kontakt med oss dersom du i løpet av dei siste åtte vekene har vore til røntgenundersøking med intravenøs kontrast som inneheld jod. Det kan då vere nødvendig å gi deg ein ny time.
- Ikkje ta med gravide eller små barn som følge til undersøkinga.
- Ver vennleg å ikkje ha på smykke eller andre metallgjenstandar når du kjem til undersøking.