Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling, Tappe væske frå lungene

Pleuratapping

Lungene ligg i kvar sin pose i brysthula. Desse posane kallast pleurahuler. Nokre pasientar kan få væske på lungene, då kan det vere behov for å tappe ut væska, anten for å kartlegge årsaka til væskedanninga (diagnostisk tapping), eller for å lindre symptoma (terapeutisk tapping).

Før

Du må ta blodprøver på førehand av tappinga. Om du står på blodtynnande medisin vurderer tilvisande lege om du skal stoppe med desse midlertidig.

Førebuing på sjukehuset

Vanlegvis tar vi røntgenbilete av lungene før behandlinga.

Under

Mens du ligg eller sit i den stillinga som følast best, utfører legen ei ultralydundersøking for å sjå kor mykje væske det er og kor det er best tilgang til væska. Vi merkar innstikkstaden på huda, og vaskar området rundt. Legen set lokalbedøving i huda og i heile stikkanalen heilt inn til pleurahola. 

Nåla må førast inn mellom to ribbein. Når bedøvinga er sett, stikk legen ein tynn plastslange inn i pleurahola. Slangen koplast til ei sugesprøyte og ein pose, slik at væska anten kan sugast opp aktivt med sprøyta, eller berre renne ned i posen. Når all væska er tømt, blir slangen trekt ut og stikkopninga plastra. Nokre gonger blir slangen liggande over lengre tid, avhengig av behov.

Kor lenge varer inngrepet?

Varigheita av inngrepet er avhengig av kor mykje væske som skal tappast ut, og om den blir sugd ut aktivt eller berre renn ned i posen. Heile prosedyren tar ofte rundt 30 minutt.

Vanlegvis blir det tappa 1000-1500 ml kvar gong.

Gjer det vondt?

Lokalbedøving blir gitt med ei sprøyte. Når bedøvinga er sett, er det vanlegvis ikkje vondt å få sett inn slangen i pleurahola. Nokre kan kjenne eit sug i brystet på slutten av tappinga, mens andre byrjar å hoste eller opplev at dei ikkje får puste ordentleg. Om dette skjer, stoppar vi tappinga, sjølv om det skulle vere noko væske igjen. Plagene gir seg som oftast raskt. Mange pasientar føler det er godt å bli tappa. 

Etter

Resultatet av tappinga merker du som regel med ein gong ved at det blir lettare å puste, men av og til tar det litt tid før pusten kjennast betre. Du kan ete og drikke rett etter inngrepet.

Oppfølging

Nokre gongar tar vi prøver av væska for å finne ut kva slags væske det er, prøva blir sendt til patologen. Svaret blir sendt til avdelinga.

Du skal ligge i senga i 2 timar etter inngrepet.