Skulle du ønske at de som familie fekk hjelp til å oppretthalde kontakta i ei vanskeleg tid? Lurer familien din på korleis dei best kan bidra til å hjelpe deg?
Når du har psykiske utfordringar kan det vere vanskeleg å uttrykke korleis du har det overfor dei som står det nærast. Kanskje du også er usikker på kor mykje og kva slags kontakt du ønsker å ha med familien.
Familien din er bekymra, og vil prøve å hjelpe deg på ulike måtar. I møte med krise og sjukdom hos ein familiemedlem, er det vanleg å reagere både med redsel, sinne og uro. Det gjer at dei ikkje alltid klarer å møte deg på den måten du treng. Mange familiemedlemmar opplev dessutan at dei ikkje veit nok om kva din psykiske sjukdom inneberer.
Om familiegruppe som behandlingsmetode
Familiegruppe er eit psykoedukativt, det vil seie kunnskapsformidlande, familiesamarbeid. I ei familiegruppe får du og familien din meir kunnskap om sjukdomen din. Vi legg stor vekt på samarbeid og deling av erfaringar slik at de skal forstå kvarandre betre.
Behandlingsmetoden er egna ved psykoselidingar, bipolare lidingar og samtidig rus- og psykiske lidingar. Forsking viser at denne metoden kan bidra til å førebygge tilbakefall eller redusere symptoma ved ein eventuell ny sjukdomsperiode. Familiegruppe kan også føre til at du klarer meir og fungerer betre sosialt. Du kan lese meir om forskinga og grunnlaget for anbefalinga i den nasjonale rettningslina for psykoselidingar.
Familiegruppa erstattar ikkje anna behandling, men kjem i tillegg til anna psykologisk behandling og eventuelt medisinsk behandling.
Kvifor samarbeid med familien er viktig
Mange av dei som blir utskrivne frå behandling på sjukehus er avhengig av hjelp frå familien for å fungere. Familien din har viktig informasjon om bakgrunnen din, ressursar og utfordringar. Når dei samarbeider med deg og behandlarane dine får vi viktig kunnskap vi kan bruke til å planlegge eit best mogeleg behandlingsopplegg for deg.
Det er også viktig at familien får mogelegheit til å arbeide med reaksjonane sine. Gjennom familiegruppa får dei rettleiing og råd om korleis dei kan vere gode omsorgspersonar for både deg, kvarandre og eventuelt andre i familien.