Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

DPS Vegsund

DPS Vegsund er eit av 4 distriktspsykiatriske senter i klinikk for psykisk helse og rus. DPS Vegsund har ansvar og oppgåver på spesialistnivå innan psykisk helsevern for vaksne over 18 år. Tilbodet omfattar ei døgnavdeling og brukerstyrte plasser. Vi tek imot pasientar som treng utgreiing og behandling av psykiske lidingar og rusproblem. Opptaksområdet er nordre Sunnmøre. I tillegg har vi eit regionalt medikamentfritt behandlingstilbod. 

DPS Vegsund har eit samansett behandlingstilbod. Dei ulike faggruppene arbeider saman for å oppnå best mulig resultat under opphaldet. Vi tilbyr tverrfagleg utgreiing og behandling, både med og utan medisinar. Kjernen i behandlingstilbodet er miljøterapi. Gjennom å delta i målretta aktivitetar i miljøet/fellesskapet, skal pasienten kunne oppnå å fungere betre både psykisk  og sosialt. Behandling blir gitt både i gruppe og individuelt. 


Permisjonar blir avtalte individuelt som ein del av behandlingsopplegget.
 

Alkohol og andre russtoff påverkar grunnleggande fungering.  Dersom menneske søker hjelp for å få oversikt over seg sjølv i samspel med andre, er aktiv rusing forstyrrande. Både alkohol, narkotiske stoff og enkelte former for legemiddel verkar inn på utforskinga av mentale tilstander. Desse kan både utydeleggjere og øydelegge for overordna mål i ei behandling. Vi legg vekt på at vårt møte med pasientane her skal foregå utan ruspåvirkning. For den som er innlagt hos oss, eller som er i ein ambulant/poliklinisk oppfølging, er det ein føresetnad at ein er rusfri.  Rustestar kan vere aktuelt ved mistanke om rusbruk.

Pasienten sin erfaringskunnskap og eigeninnsats er viktige ressursar i behandlinga. Vår felles oppgåve er å skreddarsy eit behandlingsopplegg som i størst muleg grad samsvarer med måla pasienten har for opphald eller ambulant behandling . Behandlingsplan og individuell plan er nokre verktøy som kan nyttast i dette arbeidet. Vi ønsker at pasienten sjølv i størst muleg grad er med og utformar desse planane. I samråd med pasientane jobbar vi elles aktivt med å leggje til rette for eit godt samarbeid med pårørande og kommunale tenester.
Pårørande - viktige medspelarar 
Pårørande har ei viktig rolle i nettverket rundt pasienten. Dei har også kunnskap om pasienten sitt liv og korleis sjukdommen kan setje sitt preg på kvardagen. Denne kunnskapen kan vere svært verdfull å ha med som grunnlag for å setje rett diagnose, utforme eit heilskapleg behandlingsopplegg og evaluere mål og tiltak. 
Næraste pårørande har rett til generell informasjon, for eksempel informasjon om ein diagnose og vanlege behandlingsformer for denne. Dersom pasienten samtykker, har næraste pårørande også rett til informasjon om pasienten sin tilstand og behandlinga som blir gitt. 


Personar med kronisk depresjon, angst eller langvarige relasjonsproblem kan få tilbod om eit medikamentfritt behandlingsalternativ ved DPS Vegsund på Sunnmøre. I det medikamentfrie tilbodet har vi poliklinisk dagbehandling (tre plassar) og tre døgnplassar. Vi tek imot pasientar frå heile regionen og tilbyr eit 8 vekers behandlingsopphald der vi har satt saman fleire medikamentfrie behandlingsformer i eit intensivt program. Dagpasientane betalar ein eigenandel som reknast inn i grunnlaget for frikort. Les meir om dette tilbodet her

Pasientar kan henvisast av fastlege eller anna spesialisthelseteneste.  Ved behov har vi vurderingssamtalar med pasienten for å få ei betre forståing av situasjonen og kva slag behandlingstilbod som vil vere mest eigna. Alle henvisingar vert vurderte i eit felles inntaksråd der det alltid er spesialist til stades. Det vert fatta ei avgjerd utifrå prioriteringsvegleiaren i psykisk helsearbeid for vaksne. Henvisningar til det regionale medikamentfrie tilbodet må komme frå behandlar i spesialisthelsetenesta. 

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vegsundvegen 68
6020 Ålesund
Distriktspsykiatrisk Senter - DPS Vegsund

Vegsund

Vegsundvegen 68

Praktisk informasjon

Måndag–fredag: kl 16.00–2100
Laurdag–søndag: kl 10.30–21.00
 
Eller etter avtale.
 
Både barn og vaksne, som er pårørande, må gjerne kome på besøk. Vi prøver å legge til rette for besøk av barn. Vi har ein del leiker og ein leikekrok i underetasjen.
 
Ta kontakt med personalet når du kjem.

Kurs og møter