Dette er eit tverrfagleg rehabiliteringstilbod, og er i stor grad brukarstyrt. Det vil seie at deltakarane er aktive i eigen rehabiliteringsprosess, og kvar enkelt sin motivasjon og innsats er avgjerande for grad av måloppnåing.
For å få størst mogleg utbytte, er det viktig at du på førehand har tenkt gjennom kva du ønsker å oppnå med å delta på gruppeopphaldet. For å hjelpe til med dette, har vi eit digitalt «gruppemøte» før opphaldet hos oss. På dette møtet samlar vi dei som skal kome til Aure rehabiliteringssenter og snakkar litt om blant anna forventningar og målsetting.
Kartlegging før opphaldet
Som ein del av førebuinga har nevrolog videokonsultasjon, evt. telefonsamtale, med alle før innkomst. Deretter er det kartlegging med rehabiliteringskoordinator og/eller fysioterapeut/ergoterapeut. Dette skjer anten fysisk eller via videokonsultasjon. Vi kartlegg ulike faktorar som har innverknad på helsa, for eksempel miljø, aktivitet og fysisk fungering. Ta gjerne med ein pårørande til denne kartlegginga.
Du kan bli bedt om å ta med dokumentasjon frå tidlegare utgreiingar og/eller behandlingar. Det er viktig at du tar med oppdatert medisinliste når du kjem til Aure rehabiliteringssenter.