Under 5-døgnsopphalda får du individuell trening med fysioterapeut/ergoterapeut. Dei bruker LSVT BIG og PWR (treningsmetodar for parkinson). Dei som har behov for det vil også få oppfølging frå osteopat.
Vi forventar i tillegg at alle følger opp med aktuell eigentrening under opphaldet. Vi har også aktive grupper med boksing, bassengtrening, fotgruppe, mediyoga og avspenning.
Nevrolog, fysioterapeutar, ergoterapeut, parkinsonsjukepleiar og psykiatrisk sjukepleiar har ulike temaundervisningar og gruppesamtaler. Her kan du få generell informasjon om Parkinsons sjukdom, ikkje-motoriske symptom, trening ved Parkinson og rettigheitene dine.
Vi har gruppesamtalar om magefunksjon, søvnforstyrringar, ernæring, administrering av medisinar og om det å leve med kronisk sjukdom. Vi har også eigen spørjetime med nevrolog. Ved alle undervisningane og gruppesamtalene er erfaringsutveksling mellom deltakarane viktig.