Tilbodet er i stor grad brukarstyrt. Det vil seie at deltakarane er aktive i eigen rehabiliteringsprosess, og kvar enkelt sin motivasjon og innsats er helt avgjerande for grad av måloppnåing. For å få størst mogleg utbytte, er det viktig at alle på førehand har tenkt gjennom kva dei ønsker å oppnå med å delta på opphaldet, gjerne i samarbeid med pårørande.
Kartlegging før opphaldet
Som ein del av førebuinga har nevrolog videokonsultasjon, evt. telefonsamtale, med alle før innkomst. Deretter er det kartlegging med rehabiliteringskoordinator og/eller fysioterapeut/ergoterapeut. Dette skjer anten fysisk ved senteret eller via videokonsultasjon. Vi kartlegg ulike faktorar som har innverknad på helsa, for eksempel personlege faktorar og miljøfaktorar, aktivitet- og deltakingsfunksjon, og kroppsfunksjon.Ta gjerne med ein pårørande til denne kartlegginga.
Viss det er formålstenleg at vi drar heim til deltakarane på et ambulant besøk, så gjer vi det.
Du kan bli bedt om å ta med dokumentasjon frå tidlegare utgreiingar og/eller behandlingar. Det er viktig at du tar med oppdatert medisinliste når du kjem til Aure rehabiliteringssenter.