Rusakutt

Rusakutt er strakshjelp, dvs akutt behov for helsehjelp på grunn av rusmisbruk. Retten til strakshjelp inneber at spesialisthelsetenesten pliktar å yte akutt helsehjelp til den som treng tverrfagleg spesialisert behandling for rusmiddelbruk og at denne hjelpa er påtrengande nødvendig.

Ved akutt somatisk sjukdom skal behandlingsbehovet i somatisk helseteneste vurderast, sjølv om tilstanden skuldast bruk av rusmiddel. Tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) har likevel ansvaret for behandling av rusmiddelproblema.

Dersom samtidig alvorleg psykisk liding, har denne førsteprioritet, og pasienten sitt behov for behandling innan psykisk helsevern skal vurderast. Pasientar med høg suicidalrisiko skal vurderast i psykisk helsevern.



 

 

 

Innleiing

Nærare om tilbodet

Melding og tilvising skal kome frå dei vanlege tilvisingsinstansane for TSB; det vil seie fastlegen, legevakta, sosialtenesta, NAV, anna spesialisthelseteneste og andre med tilvisingsrett.

Rusakutt inneber at kvalifisert personell etter melding/tilvising vurderer pasienten sin tilstand og situasjon. Konklusjonen kan vere tilbod om vidare oppfølging av kommune eller poliklinikk, eller innlegging i døgnavdeling. Målet er å avklare den akutte tilstanden og situasjonen, og bidra til vidare oppfølging. Pasientar som får helsehjelp etter straks-hjelp-vurdering vert også vurdert i forhold til pakkeforløp.

 

Tilvising og vurdering

Det vert gjort ei individuell vurdering på alle rusakutthenvendelsar. Det fins i tillegg diverse kriterier for å få innvilga rusakuttinnlegging. Dette er mellom anna:

  • Pasienten er gravid.
  • Rusmiddelinntaket er ein umiddelbar fare for liv og helse til pasienten.
  • Rusmiddelinntaket er avslutta eller endra, og det er fare for alvorlege abstinensreaksjonar.
  • Rusmiddelinntaket fører med seg akutt risiko for åtferdsendring med fare for eige eller andre sitt liv og helse.
  • Rusmiddelinntaket kan føre til akutt fare for alvorlege relasjonsbrot, sosiale konsekvensar eller funksjonsfall.

Utgreiing

Vi kartlegg abstinens og legg til rette for minst mogeleg abstinensplager (psykososiale tiltak og/eller legemiddel), alt i samarbeid med pasienten.

Vi kartlegg også behov for vidare oppfølging. Dette kan vere behandling i kommune (fastlege, kommunal rusteneste) eller spesialisthelsetenesta. Vi gir også informasjon om aktuelle sjølvhjelpsgrupper og brukarorganisasjonar.

Behandling

Les meir om Abstinensbehandling

Abstinensbehandling

Abstinensbehandling blir gitt etter individuelle behov, der vi prøver å kartlegge og bevisstgjere deg på dine abstinenssymptom. Auka bevisstheit og forståing kan dempe ubehaget. Både medikamentelle og ikkje-medikamentelle hjelpemiddel kan vere aktuelle. 
  1. Før

    Vi tilrår at du før innlegging har fått avbestilt/flytta andre avtaler og også fått pass til eventuelle husdyr, slik at du får konsentrere deg om behandlinga. 

  2. Under

    Vi vil møte deg med omsorg og empati. Spesielt i ei tid der du kanskje kjenner på abstinensar, kan det vere avgjerande å ha god relasjon til behandlaren din. Du får ein behandlar/pasientansvarleg koordinator (PAK), som har ansvar for deg gjennom heile opphaldet og som også koordinerer eventuell vidare behandling. 
    Under abstinensperioden vil du oftast tilbringe mest tid på rommet ditt, men personalet vil ha tilsyn og bistå deg ved behov. Vi ønsker at du skal oppleve at vi arbeider i eit positivt og motiverande miljø. 
     
    Du og PAK vil gjennomføre individuelle motivasjons- og kartleggingssamtalar (Audit/Dudit/Alcohol-E/Dudit-E). PAK etablerer kontakt med dine pårørande, og tek barnesamale (birussamtale) med deg dersom du har mindreårige barn.
    Vi prioriterer at miljøpersonell alltid er tilgjengeleg og arbeider aktivt for å oppretthalde eit sunt og godt miljø i fellesarealet. I tillegg vil personalet følge deg opp med tanke på basale behov, ernæring, kvile, rutinar og daglege turar i nærområdet. Eventuelt lenger tur på helg, dersom di fysiske og psykiske helse tillet det. 
    Vi oppfordrar deg til å levere inn mobiltelefonen, slik at du kan skjerme deg frå impulsar utanfrå. Du kan låne seksjonen sin telefon for å ha kontakt med nærmaste familie/pårørande. 
    Behandling med legemiddel
    Vanedannande medikament (A- og B-preparat) blir kun unntaksvis brukt i abstinensbehandlinga. Unntak er planlagte nedtrappingsløp i samarbeid med fastlege.
    Alkohol-abstinens, symptomlindrande og førebyggande behandling
    Du vil kome i kontakt med ulike fagpersonar i løpet av eit døgn, men vi har likevel felles kliniske plattformer, mellom anna ved hjelp av standardiserte skåringsskjema som Clinical Institute Withdrawal Assessment for Alcohol (CIWA-A), Clinical Opiate Withdrawal Scale (COWS-skala) og Alcohol Use Disorder Identification Test (AUDIT).
    Alkoholiske kramper, hallusinasjonar, delirium tremens og Wernickes encefalopati er alvorlege komplikasjonar som kan kreve medikamentell behandling. 
    Ulike rusmiddel kan kreve ulik behandling og alle får individuell tilpassa behandling for sitt rusproblem. 
    Generelle tiltak ved abstinens
    • Generelt: Viktig med ro, kvile og søvn
    • Tilpassa nedtrapping av rusmiddel (td. opiat og benzodiazepin), der stoffet er påvist i urin/blodprøve. Lege gjer fortløpande vurdering
    • Krampeprofylakse (spesielt alkohol, hallusinogen, GHB, ecstasy)
    • Behandling av søvnproblem (gjeld dei fleste rusmiddel)
    • Psykoseforebyggjing (spesielt hallusinogen, men også ved delir av alkohol, benzo eller GHB, ved amfetamin (depresjon, mani), ecstasy, kokain, ellers generell fare ved lite søvn, psykisk eller fysisk forkommen)
    • Kvalmereduserande tiltak (spesielt alkohol, cannabis, opiat, GHB, ecstasy)
    • Vurdere behov for skjerming (spesielt viktig ved stimulerande og hallusinogene stoff)
    • Vurdere behov for symptomatisk behandling av andre plager

    Alternativ abstinensbehandling
    Gjennom erfaringsbasert kunnskap er det tatt i bruk nokre alternative metodar i abstinensbehandlinga som eit supplement til legemiddel, til dømes NADA-akupunktur.

  3. Etter

    Vi tilrår å lage ein plan for oppfølginga etter utskriving.  
    Eksempel på mogelege oppfølgingstilbod:
    • Tiltak i heimkommune
    • Vidare behandling ved andre seksjonar
    • Tilvising til anna eining innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) 
    • Tilvising til poliklinisk oppfølging og eventuelt dagtilbod
    • Tilvising til psykisk helsevern

Gå til Abstinensbehandling

Oppfølging

Transport til og frå behandling:

Pasienten er sjølv ansvarleg for å komme seg til innlegging til rett tidspunkt. Ein kan søke pasientreiser om å få dekka billegaste reisemåte med rutegåande transport til og frå behandling, men ein  må betale eigendelen sjølv. Vi kan stadfeste opphaldet hos oss, men hugs å ta vare på kvitteringar frå reisa. Sjå pasientreiser.no  

Planen for vidare oppfølgjing kan innehalde

Ved utskriving, sender vi ei oppsummering (epikrise) til henvisar og den som elles har oppfølging av pasienten i kommunen.

  • Utskriving/overføring til heimkommune, eksempel:
    • fastlege
    • rusteam/psykisk helseteam
  • Vidare behandling ved andre seksjonar i TSB
    • poliklinikk/dagtilbod
    • korttids døgn
    • langtids døgn
  • Tilvising til anna eining innan TSB
  • Tilvising til psykisk helsevern

Faresignal

Meistrings-/kriseplan

Av erfaring veit vi at tida etter utskriving frå rusakutt kan vere sårbar og utfordrande for mange. Under innlegginga utarbeider vi difor ein  meistrings-/kriseplan saman med pasienten. I denne planen skildrar pasienten sine risikosituasjonar og kva som triggar rustankar og rusinntak. Kva strategiar kan pasienten nytte for å førebygge slike tankar/situasjonar, og kven kan kontaktast for å få hjelp.

Dette skal vere ein enkel, konkret og oversiktleg plan som både pasient og hjelpeapparatet kan nytte før eller i ein eventuell kritisk situasjon, eller ved tilbakefall.

Fann du det du leita etter?