Gravide rusavhengige har ulike behov for behandling. Ved Ålesund behandlingssenter kan du få tilbod om poliklinisk behandling, avrusning og behandling/utgreiing. Når ein er innlagt i døgnbehandling skal ein i utgangspunktet følge avdelinga sitt behandlingstilbod, men dette vil tilpassast deg slik som beskreve her. I tillegg gjelder Nasjonal retningslinje for gravide pasientar i LAR .
Kva vurderast
Det første som vurderast er kva behandling som vil vere best for deg.
Det må raskt vurderast om du har behov for innleggelse i døgnavdeling. Dersom de kjem fram til at du ikkje treng innleggelse i døgnavdelinga, etablerast ein plan i samråd med deg, hjelpeapparatet og Ålesund behandlingssenter med forsterka oppfølging under svangerskapet.Barneverntjenesten inviterast dersom du samtykker til dette.
Ein kan henvisast til Ålesund Behandlingssenter eller Lade behandlingssenter. Så tidleg som mogleg avklarer ein i samarbeid med gyn.pol Ålesund sjukehus kor langt komen ein er i svangerskapet, og om alt står bra til med bornet. Du som gravid vil verte prioritert til behandling; ønskjer du ikkje å ta imot tilbodet kan kommunen vurdere om det vil vere best for deg og barnet å leggast inn på tvang, jfr. Helse og omsorgstjensteloven §10-3.
Dersom du blir gravid mens du er til poliklinisk behandling eller er innlagt i døgnseksjon vil ein i samråd med deg ta kontakt med ditt hjelpeapparat i kommuna.
Hvis du ikkje er sikker på om du vil fullføre svangerskapet
Du vil få tilbod om samtale med jordmor/veileder ved Amathea i Ålesund samt helsepersonell som har kompetanse i oppfølging av gravide rusavhengige.
Sjølv om du er usikker på om du vil fullføre svangerskapet kan du få tilbod om behandling.
Barnevernets rolle
Det er ønskelig at du involvere barneverntenesta så tidlig som moglig. Barnevernstenesta kan bidra med fleire gode hjelpetiltak for deg og barnet ditt. Dei vil involverast på ditt ønskje. Basert på erfaring og samarbeid med barneverntenesta er dette noko vi oppfordrer til. Du vil få god informasjon om barneverntenesta si rolle. Hvis du ikkje ønskjer kontakt med barneverntjenesta har vi meldeplikt etter lova ved fødsel.
Permisjoner
Det vil bli utarbeida ein plan ifht. permisjonar i samarbeid med deg.
Særskilt oppfølging ift graviditeten
Vi ønsker at du får forberedt deg på å bli forelder. Det er aktuelt at du benytter deg av tiltak utanfor ÅBS. Dette kan vere: helsestasjon, Amathea, ulike gruppetilbod osv.
Mange gravide kan oppleve å vere i ei sårbar periode. Det kan vere store følelsesmessige utfordringar knytta til graviditeten og foreldrerolla. Det legges vekt på full åpenhet overfor deg vedrørende dei faglige vurderingar som gjerast. Dersom du har takka ja til eit samarbeid med barneverntenesta vil ein fortløpande sørge for at du får informasjon om barneverntenesta sitt arbeid. Det vil i løpet av behandlingstida vere fokus på tema: graviditet, ernæring, kosthold og rusmidler. Det er viktig at du får opplæring og informasjon om at enkelte barn kan ha særskilte omsorgsbehov som kan utfordre deg som forelder.
Dersom du har ein partner som skal ta del i graviditeten kan ein i løpet av behandlinga arbeide for at partner også kan få eit tilbod om behandling saman med deg. Dette kan vere tilbod om familiesamtale, parsamtaler, individualsamtaler for partner osv.
