Når du kjem til innlegging
Når du kjem til innlegging hos oss, må du vere rusfri. Nokre klarer ikkje dette på eigenhand og har fått tilbod om avrusing før dei kjem hit (du kan lese om avrusning her). Om du kjem direkte til oss, vert det tatt urinprøve og alkotest. Om desse gir utslag vurderer vi om du skal leggast inn ved avrusinga fram til prøvene er reine.
Du vil få einerom ved seksjonen, men deler bad med naborommet.
Ved innlegging startar du med ein inntakssamtale med ein av våre fagkonsulentar. Du vil også få ein samtale med lege i løpet av den første eller andre dagen. I løpet av første dagen blir du også presentert for fadderen din. Dette er ein pasient som har vore hos oss ei stund. Fadderen er ein som kan vise deg rundt, minne deg på møte og avtalar, ete saman med deg ved måltid og svare på spørsmål du måtte ha.
Du får tildelt en pasientansvarlig koordinator (behandlar), som skal være din kontaktperson gjennom heile opphaldet. Saman med deg lagar vi ein individuell behandlingsplan som beskriv måla dine for opphaldet og korleis du best kan nå desse. For dei fleste er det ønskjeleg at også måla og tiltaka frå alle støttespelarane dine vert samla i planen. I tillegg vert det utarbeida ein meistringsplan/kriseplan. Denne skal førebu deg på tida etter utskriving. Eit behandlingsopphald hos oss krev stor deltaking og engasjement frå di side for å gi resultat.
Vi har ein del aktivitetar som vi forventar at du deltek på gjennom dagen. Dei fleste av aktivitetane og møta er obligatoriske, og du får ein timeplan for å halde oversikt.
Dei første dagane bruker du til å bli kjent med oss og institusjonen. Det vert halde to informasjonsmøte; eit velkomstmøte med informasjon om seksjonen og tilbodet vårt, og eit introduksjonsmøte om fysisk aktivitet. Torsdagen den første veka, startar du i den ordinære behandlingsaktiviteten, deriblant grupper.
Skjerming
Alle som kjem til seksjonen, må halde seg i ro på institusjonsområdet den første tida. I denne skjermingstida kan du kun gå frå området saman med personale. Skjermingstida varierer ut frå kor mykje du har rusa deg før du kjem, abstinensplager, prøvesvar, russug og liknande. Alle pasientar har skjerming den første veka.
Treningsreise
Under behandlingsopphaldet kan du i samarbeid med behandlaren din planlegge ei treningsreise. Slik treningsreise blir gitt tidlegast i veke tre. Dette skal vere ei planlagt reise, med innhald som skal ha nytte i det endringsarbeidet du er i gang med. Vi ønskjer også at du skal gjere deg nokre tankar i ettertid av en slik reise, der du ser om du har nådd dei måla du sette deg før turen. Søknad blir vurdert ut frå situasjonen til kvar enkelt.
Rusbehandling er tverrfagleg, og det er viktig at du som pasienten medverkar. Saman med deg lagar vi ein individuell behandlingsplan. For dei fleste er det også ønskjeleg at måla og tiltaka for pasienten frå alle støttespelarane vert samla i ein individuell plan.
Utgreiing
I tråd med nasjonal fagleg retningsline for utgreiing, behandling og oppfølging av personar med samtidig rus- og psykisk helseproblem, er utgreiing av psykisk helse lagt inn som ein integrert del av det ordinære behandlingstilbodet ved seksjonen.
Det er framleis mogeleg å få eit sjølvstendig utgreiingsopphald hos oss. Føremålet med ei slik innlegging vil vere å utgreie vidare behandlingsbehov for deg som på grunn av aktiv rusing ikkje klarar å gjennomføre ei slik utgreiing poliklinisk.
I tillegg til å utgreie rusproblematikk, kartlegg vi ei rekke faktorar knytt til psykisk, fysisk og sosial fungering. Under eit slikt opphald vil du få tilbod om eit meir individuelt tilrettelagt tilbod, med større fokus på individuelle samtalar og mindre deltaking i terapeutiske grupper. Dei miljøterapeutiske strukturane er tettare og utgang og treningsreiser vert avgrensa.
Utgreiingsopphaldet vert gitt i inntil åtte veker, med mogelegheit for individuelle tilpassingar. Det blir lagt stor vekt på tverrfagleg samarbeid undervegs i utgreiinga. Hvis du er innlagt for utgreiing vil det etter opphaldet vert utarbeida ein omfattande utgreiingsrapport, som legg grunnlag for vidare behandlingsløp.
Planen for videre oppfølging kan bestå av:
Utskrivning/overføring til heimkommune
Vidare behandling ved seksjonen
Tilvising til anna eining innan TSB
Tilvising til poliklinisk oppfølging og eventuelt dagtilbod
Tilvising til psykisk helsevern
Gruppetilbodet
Behandling i gruppe er ein sentral del av behandlingstilbodet ved seksjonen. Gruppebehandlinga tek sikte på å gjere deg meir bevisst på å stå i endringssituasjonar. Her lærer du ting om deg sjølv, blir meir bevisst på dine eigne handlingsmønster, kva ansvar og val du har, og du får lære nye og meir hensiktsmessige strategiar for meistring. I gruppa deler ein erfaringar, lyttar til, blir lytta til, gir og får støtte og tilbakemeldingar frå andre med liknande erfaring. Dette kan vere kraftfullt og gir mange positive effektar i behandlinga.
Nokre grupper er temaorientert og undervisingsprega, mens andre er meir prosessorienterte. Tilbodet inkluderer grupper som rus- og mestringsgruppe, gruppe med familiefokus, kvinnegruppe og sjølvhjelpsgruppe. I tillegg har vi ei foreldregruppe. Deltaking i grupper er obligatorisk, men vert tilrettelagt for den enkelte ved behov.

Miljøterapi
Samhandling og det å vere til stades gjennom uformelle samtalar og aktivitetar er viktige faktorar i miljøterapien. Vi brukar fellesskapet og samspelet mellom dei som er innlagt aktivt, og skaper dialog rundt situasjonar og hendingar i miljøet. Gjennom tilbakemeldingar, rettleiing og spegling ønskjer vi å skape sjølvbevisstheit, identifisering og grobotn for endring. Vi forventar at du har ei aktiv rolle i eiga behandling. Vi legg vekt på å skape ein kultur der du som pasient bidreg til å skape eit positivt og konstruktivt miljø som kan vere ein utviklande faktor i endringsarbeidet for den enkelte.

Fysisk aktivitet
Fysisk aktivitet er dokumentert nyttig i behandling og førebygging av rusproblematikk. Fysisk aktivitet på dine premissar, kan gi både fysiske, psykiske og sosiale gevinstar. Difor ser vi på dette som ein naturleg og viktig del av behandlinga. Det er eit mål at fysisk aktivitet skal være enkelt og noko du kan ta med deg tilbake til kvardagslivet. Vi bruker mykje naturen som ligg rundt oss, og har også ein eigen gymsal med styrkerom som er mykje brukt. 
I løpet av den første veka vil du få tilbod om eit informasjonsmøte med fokus på fysisk aktivitet som ressurs i rusbehandlinga. Her vil vi også gjerne bli betre kjent med deg, dei erfaringane du har med fysisk aktivitet, og tankar du har om fysisk aktivitet som ein del av endringsprosessen. Du vil også få informasjon om obligatoriske aktivitetar vi har, og mulegheitene du har til fysisk aktivitet på eige initiativ og/eller saman med andre pasientar. Vi ønskjer å spele på lag med deg for helsa di, og vil legge til rette slik at du kan få eit aktivitetstilbod tilpassa eigne behov og fysiske form. Mot slutten av opphaldet ønskjer vi å ha eit nytt møte med deg. Her diskuterer vi dei erfaringane du har gjort deg undervegs og tankane du har om fysisk aktivitet på vegen vidare.
Kjønnsspesifikk behandling
Vi har ei fagleg forståing og erfaring med at menn og kvinner i rusbehandling har ulike behov, ulik sårbarheit og ulike utfordringar. Ulik kompetanse må byggast opp. Deler av behandlinga, spesielt gruppene, er difor organisert i eigne team for kvinner og eigne team for menn. Sjølv om mykje av gruppetilbodet blir gitt kvar for seg, har vi også ein del felles aktivitetar i miljøet og i utvalde grupper. Kvinner og menn bur i ulike sengefløyer og har eigne stover der du kan trekke deg tilbake om du ikkje ønskjer å vere i fellesarealet.
Familie- og nettverksarbeid
Vi arbeider direkte og indirekte med familie/nettverk. Kvar veke har vi grupper med fokus på familiesamspel og rus. Vi bruker tid på å motivere deg for å inkludere dine pårørande i behandlinga. Av og til kan familieterapeut vere med deg og behandlaren din i samtalar med pårørande og familie. Fire gongar i året arrangerer vi pårørandeseminar. Dette skal bidra til auka forståing av rusavhengighet og korleis dette verkar inn på familien. Seminaret blir arrangert i samarbeid med Læring- og mestringssenteret (LMS) og frivillige organisasjonar som AL-ANON.
Vi har også fokus på barn og deira rettar som pårørande. Vi er opptatt av at barna skal få informasjon og trygging når foreldra er hos oss.

Kven er pårørande?
Pårørande kan vere foreldre, barn, søsken, ektefelle, partnar, besteforeldre og venner. Vi ønskjer å gi eit tilbod til alle som definerer seg sjølve som pårørande. Når du er i behandling, gjeld likevel lova om pasientrettar. Då er det du sjølv som bestemmer kven som er pårørande. Pårørande har då tilgang til informasjon om og involvering i behandlinga i den grad du sjølv ønskjer det og gir samtykke til det. Det er difor lurt å gjere avtale med dine pårørande, og bli samde om kva samtykket skal gjelde. Pårørande har elles krav på generell informasjon om behandlingsstaden, uavhengig av om du samtykkjer eller ikkje.
Når ein i familien får rusproblem, forandrar heile familiesituasjonen seg. Kommunikasjonen går ofte i vranglås, og familien kan slite med angst, uvisse og psykisk smerter. Rusproblemet skader livskvaliteten deira. På same tid er pårørande ein viktig ressurs for mange rusavhengige.
Opplæring av pasient og pårørande er ei av dei viktigaste oppgåvene for spesialisttenesta. Informasjon om institusjon og behandling skal vere ei prioritert oppgåve. Vi informerer pårørande om behandlingsopplegget generelt, og når du samtykkjer, informerer vi også om den spesifikke behandlingsprosessen. Vi oppfordrar deg til å halde kontakten med pårørande, inkludert barn, under opphaldet. Etter dialog med deg, kan vi gi tilbod til dine pårørande.
Tilbod til pårørande
Ålesund behandlingsener har 3 pårørende seminar i året dei kan du lese meir om her Pårørandeseminar
Lærings- og meistringssenteret gir ulike tilbod til pårørande i alle tre fylka i Midt-Noreg, for eksempel temakveldar, kurs og gruppeverksemd. Vi ønskjer å skape arenaer der pårørande kan få meir kunnskap, informasjon og innsikt, og samtidig møtast for å utveksle erfaringar.
Følg med på nettsidene våre her. Her finn du oppdatert informasjon om tilboda både vi og samarbeidspartane våre i regionen gir. Dei tilsette i Lærings- og meistringssenteret har elles oversikt over kvar pårørande kan vende seg for å få hjelp for sin eigen del. For meir informasjon, kontakt oss per telefon eller e-post
Samarbeid med hjelpeapparatet – IP
Det å arbeide med rusavhengighet er ein lang prosess, og erfaring tilseier at dei som har tett oppfølging i nært samarbeid med hjelpeapparatet i heimkommuna, i større grad lykkast i rehabiliteringsprosessen. Under opphaldet vil vi samarbeide med fastlege, NAV, poliklinikk, ruskonsulent og eventuelt andre som er viktige støttespelarar for deg i kvardagen. Dei fleste av pasientane har behov for individuell plan. Det ideelle er at behandlinga hos oss er ein del av ein slik plan allereie ved behandlingsstart. Om slik plan ikkje er på plass ved innlegging, vil du få tilbod om slik plan under opphaldet.
Temamøte/undervising
To dagar i veka har vi felles undervising for pasientane. Her tar vi opp ulike tema knytt til rus og rusrelatert problematikk. Hensikta er å gi deg betre føresetnadar for å kunne forstå og meistre utfordringar du kan møte på vegen ut av avhengigheita. Eksempel på tema er ubevisste og bevisste tankespor, automatisert atferd, angst, depresjon og medavhengigheit.

Les mer om rusbehandling i spesialisthelsetenesta her
Reigjeringen.no