Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Førstehjelparar

Har du vore i ein førstehjelpssituasjon? Å hamne i ein førstehjelpssituasjon kan vere ei tøff oppleving. Når ambulansen har køyrt, står du gjerne igjen med mange tankar og spørsmål. Vi tilbyr samtale med erfarent helsepersonell. Tilbodet gjeld førstehjelparar frå heile landet.

Kontakt

Ring oss på telefon
02415

 

Kva går tilbodet ut på?

Tilbodet består av oppfølgingssamtale med erfarent helsepersonell. Her går vi gjennom hendinga saman med deg, og du kan få svar på eventuelle spørsmål. Vi har teieplikt, og tilbodet er gratis. Vi har førebels berre fysiske lokale i Stavanger, Gjøvik og Ålesund. Dersom du bur i andre delar av landet, eller av andre grunnar ikkje ønsker å komme inn til ein fysisk samtale, kan vi tilby oppfølgingssamtale via Teams (eventuelt telefon). Tilbodet gjeld deg som har vore til stades eller utført førstehjelp ved ei alvorleg hending, dette kan til dømes vere ei hjartestanshending eller ei trafikkulykke.

Korleis gjekk det med pasienten?

For deg som ikkje er pårørande til pasienten, er det ikkje sikkert at du veit korleis det gjekk med personen du prøvde å hjelpe. På grunn av teieplikta kan vi i utgangspunktet ikkje gi ut informasjon om ei konkret hending eller pasient. Men vi kan svare på eventuelle medisinske og tekniske spørsmål på eit generelt grunnlag.

Dersom du har vore til stades ved ei hjartestanshending, og du veit at pasienten døydde, er det viktig å vite at berre 1 av 6 hjartestanspasientar overlever. Det er ikkje slik at dårleg hjarte- og lungeredning fører til at pasienten døyr. God hjarte- og lungeredning betyr heller ikkje at pasienten overlever. Det er mange faktorar som speler inn på utfallet til pasienten. Kor stor sjansen er for å overleve er avhengig av m.a. alderen til pasienten, om nokon var til stades i den augneblinken pasienten fekk hjartestans, kor lang tid det tok før ambulansen kom, om pasienten har andre underliggande sjukdommar med meir. Det er også svært vanskeleg å påføre nokon alvorlege skadar ved hjarte- og lunge-redning. Det viktigaste er at ein prøver å gjere det ein kan.

Tøft å vere førstehjelper

Det å ha ringt 113 er også ein viktig del av å utføre førstehjelp. Viss du ikkje klarte å hjelpe skal du vite at det ikkje er uvanleg at ein kan bli handlingslamma i ein akutt situasjon. Sjølv erfare helsepersonell kan oppleve dette viss dei hamnar uførebudd i ein førstehjelpssituasjon. Særleg tøft er det å vere førstehjelpar for familie, venner eller kjende. Anten du var i ein førstehjelpssituasjon der du ikkje klarte å hjelpe, eller det var andre til stades som tok ansvaret, kan det vere tøft å vere vitne til at nokon er alvorleg sjuk eller skada.

Det er ikkje uvanleg å ha mange tankar og gruble etter å ha vore i ein førstehjelpssituasjon. Mange har fått sterke inntrykk som kan vere plagsame i ettertid. Ein kan bekymre seg for korleis det gjekk med pasienten og nokon kjenner gjerne på skuldkjensle over å ikkje ha reagert raskt nok eller kjenner dei ikkje gav god nok førstehjelp. Nokon kan også oppleve søvnvanskar, å gjenoppleve hendinga, angst, konsentrasjonsvanskar, vekttap og problem med å fungere i kvardagen. Andre opplever at kjenslene er fråverande, ​og at dei ikkje «tek det inn over seg».​

Ønskjer du nokon å snakke med?

Du treng ikkje ha nokon av dei ovannemnde plagene for å få ein samtale med oss. Vi trur at mange førstehjelparar vil dra nytte av å gå gjennom ei slik hending saman med fagpersonell. Det er likevel ikkje slik at alle har behov for oppfølging etter ei førstehjelpshending. Men dersom du ønskjer nokon å snakke med, kan du ta kontakt med oss. For nokon kan også tankar og kjensler komme etter kvart. Då kan det vere greitt å vite at det aldri er for seint å ta kontakt.

​Tilbodet er gratis, og vi har teieplikt.

Kontakt

Nasjonalt nummer for oppfølging etter førstehjelp

02415
Her kan du velje Helse Møre og Romsdal for å kome i kontakt med oss lokalt.

Nyheiter