Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Diagnose

Snorking og søvnapné

Ved søvnapné oppstår det korte pustepausar når ein søv. Det er ikkje unormalt å pusta litt uregelmessig under søvn, men er pustepausane langvarige (minst 10 sekund) og hender hyppig (over 5 gonger per time) har dette helsemessige konsekvensar og blir definerte som sjukdom dersom tilstanden gir nedsett søvnkvalitet eller søvnighet på dagtid. Ved meir enn 15 pustestoppar per time blir diagnosen stilt uavhengig av symptom.

Noen er plaget med pustestopp når de sover. Dette kalles søvnapné og skyldes vanligvis trange luftveier i nese og svelg. Søvnapné kan medføre døsighet og konsentrasjonsproblemer på dagtid. Behandling kan lindre symptomene for mange.

Les meir på helsenorge.no

Det finst to hovudtypar av søvnapné: obstruktiv søvnapné (OSA) og sentral søvnapné (CSA).

Hyppigheit, symptom, årsaker og konsekvensar

Obstruktiv søvnapné (OSA)

Behandlingstrengande OSANE finst hos 1 av 10 vaksne personar i Noreg. Personar med OSANE er vanlegvis også snorkere. Snorkelyden blir skapt av vibrasjonar i svelget ved innpust når ein søv.

Undertrykk ved innpust kan føra til at dei øvre luftvegane kollapsar inntil musklane i svelget blir aktiverte og luftvegane blir igjen opna. 

I denne perioden, som kan vara lenger enn eitt minutt, blir oksygennivået redusert i blodet og søvnkvaliteten blir redusert.

Symptoma på OSANE varierer frå uttalt søvnigheit på dagtid til mangel på symptom. Nattlege oppvakningar og å måtta tissa på natta kan også vera symptom på sjukdommen. Ubehandla pasientar med uttalt søvnigheit har auka risiko for trafikkulykker og arbeidsuykker. Pasientar med meir enn 15 pustestoppar per time har auka risiko for hjarte- og karsjukdommar dersom det ikkje blir behandla.

OSANE finst hos begge kjønn og i alle aldersgrupper, men førekomsten aukar med alder og overvekt. Både kvinner og menn blir ramma, men sjukdommen debuterer seinare hos kvinner. Tronge luftvegar og maskulin feittfordeling er dei viktigaste årsakene.
 
Hos barn er årsaka vanlegvis store mandlar.
 
Sentral søvnapné (CSA)

CSA er langt sjeldnare enn OSA. Ved CSA går pustestopp-episodane utan at pasienten gjer forsøk på å trekke pusten. Årsaka sit vanlegvis i dei områda av sentralnervesystemet som regulerer pusterytmen. Slike pasientar har som regel sjukdom i hjernen, til dømes tidlegare hjerneslag, eller forstyrringar i reguleringa av hjernen av pusterytmen sekundært til kronisk hjartesvikt. 

Utredning

Diagnosen søvnapné blir stilt etter måling av pustemønsteret om natta. Søvnregistreringsutstyret består av ein liten boks som er tilkopla forskjellige leidningar som måler luftstraumdraga gjennom nase og munn, snorkelyd, pustebevegelsane i brystkasse og mage, surstoffinnhaldet i kroppen, pulsrytmen og kroppsposisjonen. Polygrafi-utstyr kan koplast på om ettermiddagen og ein skal deretter sove med utstyret på, gjerne i heimen eller på pasienthotell.

Av og til ønsker ein ei utvida søvnregistrering – polysomnografi (PSG). I tillegg til dei same målingane som ved polygrafi, undersøker ein òg søvndybde ved hjelp av leidningar festet til hovudet, og registreing av beinbevegelsar.

Behandling

Generelle råd/ livsstilsendring

Pasientar med OSA bør gå ned i vekt og auke aktivitetsnivået dersom dei er overvektige. Sovemedisinar, alkohol og røyking forverrar sjukdommen og bør derfor unngås. Mange med OSA har størst tendens til snorking og pustestopp når dei ligg på ryggen. I slike tilfelle kan tiltak som forhindrar ryggleige gi mindre plager. Å endre sovestilling er svært vanskeleg utan mekaniske tiltak som hindrer ryggleie.

Anna behandling

Oppfølging

Det fins i dag ingen nasjonale retningslinjer for behandling av OSA. Som eit generelt prinsipp bør spesialist som stiller diagnosen kontrollere effekt av behandlinga som er sett i verk opp mot symptom på dagtid. Pasientar med moderat til alvorlig søvnapné som opplever påtrengande trøttleik vert omfatta av førerkortforskrifta sine  helsekrav, §24.

Kontakt

  • Kontakt Lungemedisinsk poliklinikk Ålesund

    Oppmøtestad

    Poliklinikken finn du nordsida av sjukehuset, i 1. etasje i lågblokka. 

    Adresse

    Åpningstider
    • I dag 08:00 - 16:00
    • Måndag 08:00 - 16:00
    • Tysdag 08:00 - 16:00
    • Onsdag 08:00 - 16:00
    • Torsdag 08:00 - 16:00
    • Fredag 08:00 - 16:00
    • Laurdag STENGT
    • Søndag STENGT
    Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

    Ålesund sjukehus

    Åsehaugen 5

    Transport

    Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, sjå kart under. 

    • Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
    • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
    • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
    • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ ​

    Endra parkeringsområde og stengd inngang nord (poliklinikkinngangen) 

    20. november 2023 stengde vi Inngang nord (poliklinikkinngangen) og la om parkeringsområda ved Ålesund sjukehus i samband med ombygging. Under får du oversikt over dei nye parkeringsområda og korleis du lettast kjem til hovudinngangen.  

    Kart
    Stengd inngang er markert med raudt kryss. 

    Markerte område på bildet

    • Grøn markering: Parkering for pasientar/besøkande
    • Gul markering: HC-parkering
    • Raud markering: Parkering for blodgivarar
    • Blå markering: Parkering for besøkande med spesialbevis
    1. Hovudinngang
      Merk av- og påstiging "kyss og køyr sone" utanfor barne- og ungdomsavdelinga
    2. Administrasjonsbygget
    3. Akuttmottaket
    4. Alderspsykiatrisk døgn
    5. Alderspsykiatrisk poliklinikk
    6. Apotek
    7. Audiopedagogen
    8. Barne- og ungdomsavdelinga
    9. BUP
    10. Dagkirurgi Aust
    11. Habiliteringsbygget
    12. Kreftavdelinga
    13. Psykisk helsevern døgn
    14. Psykisk helsevern poliklinikk
    15. UPA
    16. Åse hotell
    17. Åsebøen 1
    18. Åsebøen 5

    Besøkande ved habiliteringsbygget, pårørande til barn ved audiopedagogen og barne- og ungdomsavdelinga kan få spesialbevis ved å ta kontakt med avdelingane.  

    ​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

    No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

    Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

    Buss

    Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

    Fly
    Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

    Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

    Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

    Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
     
    Praktisk informasjon

    ​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

    Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

    Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

    Passord på SMS
    Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

    ​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

    ​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

    ​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

    Åse hotell

    Treng du nokon å snakke med? ​
    Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

    Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

    Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

    Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

    ​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

    Opningstid

    07.30–15.30

    ​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

    Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

    Kantina​

    Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

    Du finn oss​ i 1. etasje. Velkomen!

    Opningstider:

    • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
    • Helg og høgtid: stengt

    Kios​k

    I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 

    Opningstider:

    • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
    • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
    • Raude dagar: 10.00 - 18.00

    ​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

    Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

    Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

  • Kontakt Medisinsk poliklinikk Molde

    Oppmøtestad

    Du finn oss i 1. og 2. etasje.

    1. Lunge, infeksjon og blodsjukdommar
    2. Gastro, hjarte og endokrinologi/hormonsjukdommar 
    Molde sjukehus med en plen foran seg

    Molde sjukehus

    Parkveien 84

    6407 Molde

    Transport

    Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet.

    • Kjøp billett på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
    • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
    • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
    • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ

    ​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

    No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

    Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

    Buss

    Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

    Fly
    Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

    Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

    Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

    Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
     
    Praktisk informasjon

    ​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

    Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

    Mandag-fredag: kl. 17.00-19.00

    Laurdag-søndag: kl 16.00-18.00 

    Ta kontakt med den aktuelle avdelinga før besøket. 

    Har du andre spørsmål om besøkstider, kontakt den sengeposten det gjeld eller Helse Møre og Romsdal sitt sentralbord, tlf.  71 12 00 00

    Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

    Passord på SMS
    Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

    ​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

    ​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

    Treng du nokon å snakke med? ​
    Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

    Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

    Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

    Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

    ​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

    Opningstid

    Kvardagar: 07.30–21.00

    Laurdag og søndag: 10.00–19.00

    Kantina​

    Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

    Du finn oss​ i sokkeletasjen (aust). Velkomen!

    Opningstider:

    • Måndag til fredag: 09.00 - 15.30
    • Laurdag og søndag: stengt

    ​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

    Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

    Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

  • Kontakt Medisinsk poliklinikk Volda

    Oppmøtestad

    Du finn oss rett ved hovudinngangen.
    En stor bygning med et tre foran seg

    Volda sjukehus

    Kløvertunvegen 1

    Transport

    Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, sjå kart under. 

    • Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
    • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
    • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
    • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ 

    Kart

    Grøn markering: Parkering for pasientar og besøkande

    Oransje markering: Parkering for HC

    Raud markering: Parkering for blodgivarar (ingen avgift) 

    Lilla: Ladestasjon

    P: Parkeringsautomatar

    ​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

    No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

    Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

    Buss

    Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

    Fly
    Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

    Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

    Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

    Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
     
    Praktisk informasjon

    ​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

    Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

    Besøkstid kl. 17.00-19.00 alle dagar. 

    Ta kontakt med aktuell avdeling før besøket. ​

    På barselavdelinga gjeld følgjande besøkstider​​​​​​

    For partnar som ikkje er innskriven i avdelinga saman med mor er kjernetida for besøk mellom kl 10.00-20.00.

    Besøkstid for søsken og besteforeldre mellom kl 17.00 og 18.00.

    Vi anbefaler ro rundt mor og barn i barseltida på sjukehuset.​​

    Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

    Passord på SMS
    Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

    ​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

    ​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

    Treng du nokon å snakke med? ​
    Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

    Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

    Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

    Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

    ​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

    Opningstid

    08.00–16.30

    Kantina

    Hos oss får du god heimelaga mat til gode prisar. 

    Middagsservering kvar dag frå kl 12.00 - 16.00. I tillegg har vi litt kioskvarer, krigler, kaker og påsmurt brødmat. Vi har også pålegg og brødmat som du kan smøre sjølv.

    Opningstider:

    • Måndag til fredag: kl 08.00 - 16.00
    • Laurdag og søndag: kl 12.00 - 16.00