Du vil bli tatt i mot av lege og fysioterapeut, som saman gjer ei vurdering av deg. Vil vil stille deg ein del spørsmål angåande din spastisitet, samt utføre ei undersøking av deg. Deretter vil vi kome med anbefalingar om tiltak vidare:
Ikkje-medikamentell tiltak:
Råd og veiledning i forhold til fysioterapi er viktige behandlingstiltak ved spastistitet. Ved fysioterapi blir det utført gjentatte tøyingar av musklane, styrketrening av spastisk muskultatur kan vere nyttig. Råd i henhold til rullestol og hjelpemiddel er også aktuelt. Ortose/skinner og andre ortopediske hjelpemiddel vil bli vurdert.
Medikamentell behandling:
Botulinumtoksin A
Det kan bli aktuelt å tilby deg behandling med botulinumtoksin A dersom dette blir vurdert hensiktsmessig. Botulinumtoksin A er eit medikament som sprøytast inn i utvalgte musklar som er spastiske, og som hindrar overføring av signal frå nerve-ende til muskelfiber. Dette får muskelen til å slappe meir av, og virkninga varer i gjennomsnitt 3 månader. Behandlinga kan utførast ved poliklinikken same dag du er til konsultasjon, eventuelt settast det opp ny time til slik behandling.
Det er viktig at behandlinga er ledd i ei heilhet, det vil seie:
-Det skal vere ei klar målsetting: Bedre funksjon, lette forflytning og stell, lette av- og påkledning, bedre hygiene og/eller redusere smerter.
-Det skal vere eit opplegg for dagleg egentøying for å optimalisere effekt av behandlinga. Du bør ha etablert oppfølging hos lokal fysioterapeut. Det kan også bli aktuelt å bruke ortose/skinne.
Behandlinga er forbundet med lite biverknader. Den vanlegaste er forbigåande ømhet på injeksjonsstaden, forbigåande feber og/eller blir trøytt kan forekomme.
Annen medikamentell behandling:
Det kan vere aktuelt med ulike formar for tablettbehandling i forbindelse med spastisitet. Det vanligaste er eit medikament som heiter Baklofen/Lioreal, som har en generell verknad på spastisitet. Ved uttalt spastisitet på begge sider av kroppen kan det av og til vere aktuelt med dette medikamentet i væskeform gitt gjennom ei pumpe direkte til ryggmargskanalen (Baklofen-pumpe).