Spesifikk behandling for personer med pengespelproblematikk som ønsker å ta tak i eget spelproblem.
Tilvisingar til spelavhengigheit skal sendast til følgjande adresse:Avdeling for tverrfaglig spesialisert rusbehandling (TSB)Ålesund behandlingssenterVestmoa 276018 Ålesund
Innhald i tilvising
Eit poliklinisk behandlingstilbod består av kartlegging, individuelle samtalar, eventuelt par- og familiesamtalar. Vi har også tilbod om gruppebehandling.
Etter avslutta poliklinisk behandling sender vi ei epikrise til deg og til den som tilviste deg. Epikrisa oppsummerer innhaldet i behandlinga og forslag til vidare behandling og/eller andre tilbod.
Ålesund behandlingssenter ligg ca 5 minutts gange nordvest for bussterminalen på Moa. Gå mot Spjelkavik kyrkje.
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande
Endre/avbestille time Skulle du ha behov for å endre time kan du ringe 70 17 13 62 mandag - fredag i tidsrommet 08.00 – 16.00. Det er viktig at du ringer så snart som råd dersom oppsett time ikkje passer.
Ta kontakt med personalet for informasjon om trådlaust nett.
Treng du nokon å snakke med? Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.
Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta