Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Spinalpunksjon Ålesund

Spinalpunksjon (ryggmergsvæskeprøve) er ei undersøking der vi tek ei prøve av spinalvæske ved hjelp av ei nål som blir stukken inn nedst i ryggen. Spinalvæske er den væska som omgir hjernen og ryggmergen din. Nokre sjukdommar kan gi forandringar i denne væska.

Spinalvæske

Hjernen og ryggmergen blir omgitt av ei fargelaus, vassklar væske som blir kalla ryggmergsvæske (eller spinalvæske). Ryggmergsvæska består hovudsakleg av vatn, små mengder sukker og saltar, i tillegg til spor av protein. Normalt inneheld det ingen eller berre veldig få celler. Til kvar tid er det mellom 100 og 200 milliliter ryggmergsvæske, som sirkulerer og blir fornya i raskt tempo, slik at vi samla produserer omtrent 500 ml i løpet av eit døgn. Ved prøvetaking blir det som regel henta ut mindre enn 20 ml og volumet blir raskt erstatta av kroppen sjølv.

Tilvising og vurdering

Det er avdelinga du høyrer til på sjukehuset, eller fastlegen, som kan tilvise deg til denne undersøkinga.

Før

Du kan ete frukost og drikke som normalt før undersøkinga dersom du ikkje har fått beskjed om noko anna.

Nokre medikament, som blodfortynnande medisinar, kan gi auka risiko for komplikasjonar under undersøkinga. Derfor er det viktig at du fortel legen din kva medikament du bruker fast og om du har teke nokre spesielle medikament undersøkingsdagen eller dagen før. Presis informasjon om dette finn du i innkallingsbrevet ditt.

Under

Under undersøkinga er du vaken og legen vil fortelje deg kva som skjer.               

Du vil bli beden om å liggje på sida eller sitje oppreist med ryggen mot legen. Helsepersonell vil vaske området der det skal gjerast eit innstikk. Legen vil be deg om å krumme ryggen.

Ved undersøkinga stikk legen ei nål inn mellom ryggtaggane for å komme til sjølve ryggmergsvæska. Prøvetakinga skjer omtrent på nivå med hoftekammen, langt nedanfor det nivået der ryggmergen endar, slik at ikkje ryggmergen blir skadd. Du vil merkje eit stikk i huda når legen set inn nåla.

Av og til kan nervar til beina bli irriterte. Du vil då merke smerter i beina. Det er ikkje farleg, men gi beskjed dersom du får vondt, slik at vi kan endre stillinga til nåla. Når nåla er på plass, dryp væske ut og samlast i eit røyr for analyse. Etter at prøva er teken, fjernar vi nåla og legg ein plasterlapp over innstikkstaden. Heile prøvetakinga tek 20 – 30 minutt.

Etter

Vi tilrår at du tek det med ro undersøkingsdagen, og held deg borte frå jobb resten av dagen.

Du bør unngå å anstrenge deg kraftig det første døgnet, som ved tunge løft, tungt kroppsarbeid og trening.

Det kan ta ein månad eller meir før alle resultata frå undersøkinga er klare. Resultatet blir sendt til legen som har tilvist deg, som vil følgje deg opp vidare.

 

Dersom du får hovudverk etter undersøkinga, kjem ho vanlegvis i panna eller bakhovudet i løpet av det neste døgnet. Hovudverken kjem av ein liten lekkasje rundt punksjonsstaden som fører til lågare trykk rundt hjernen. Smertene gir seg nesten heilt når du ligg og blir verre igjen når du står opp. Ofte gir hovudverken seg i løpet av 24 timar. Det kan hjelpe å drikke noko med koffeininnhald (som cola eller kaffi) eller bruke reseptfrie smertestillande tablettar som inneheld koffein (fenazon-koffein).

Dersom smertene varer lengre enn 3 dagar, bør du kontakte avdelinga/legen der undersøkinga blei gjord, for å få ei vurdering av om hovudverken skal behandlast ved å setje litt av ditt eige blod rundt innstikkstaden (blodlapp). Dette vil lukke lekkasjeopninga, og smertene gir seg.

Somme kan kjenne smerter og stivleik i ryggen etter undersøkinga. Dette er normalt og ikkje farleg. Dette kan vare i nokre dagar.

 

Ver merksam

Bløding eller infeksjon er svært sjeldan etter spinalpunksjon, men kan finnast. Kontakt lege ved sterke smerter i beina eller ryggen og ved feber etter prosedyren.

Kontakt

Ålesund sjukehus Medisinsk avdeling, Ålesund

Kontakt Medisinsk avdeling, Ålesund

Oppmøtestad

Medisinsk avdeling har fleire poliklinikkar og sengepostar. Sjå UNDERLIGGANDE EININGAR for oppmøtestad. 
Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Transport

Parkering

Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, like ved innkøyringa til sjukehuset. Sjå kart over sjukehusområdet. 

  • Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst.
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid.
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare.
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. ​
  • Besøkande med HC-kort har betalingsfritak på parkeringsplassar med HC-merking. 

Stengde inngangsparti i samband med byggearbeid

Poliklinikkinngangen er stengt

20. november 2023 stengde vi poliklinikkinngangen, (inngang nord, Åsehaugen 5a) og la om parkeringsområda ved Ålesund sjukehus i samband med ombygging. 

Inngang A til psykiatribygget er stengt

9. september 2024 stengde vi inngang A ved psykiatribygget (Åsehaugen 7a). Pasientar, pårørande og andre besøkande skal bruke inngang på austsida for å kome til psykiatribygget (punkt 13 på bildet). Tilkomst via gangsti frå hovudinngangen (Åsehaugen 5d) på sjukehuset.  

Kart
Markerte område på bildet
Grøn markering: Parkering for pasientar/besøkande
Gul markering: HC-parkering
Raud markering: Parkering for blodgivarar
Blå markering: Parkering for besøkande med spesialbevis

Avdelingar og inngangar på sjukehusområdet

Hovudinngang Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5D
Administrasjonsbygget
Åsehaugen 1
Akuttmottak
Åsehaugen 5C
Alderspsykiatrisk døgn
Åsehaugen 7C
Alderspsykiatrisk poliklinikk
Åsehaugen 7B
Apotek
Åsehaugen 5A
Audiopedagogen
Åsehaugen 9
Dagkirurgi aust
Åsehaugen
Barne- og ungdomsavdelinga
Åsehaugen 11
Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)
Geilebergvegen 20
Døgnseksjonen psykisk helsevern for barn og ungdom
Geilebergvegen 16
Habiliteringsbygget
Åsehaugen 3
Kreftavdelinga
Åsehaugen 17
Psykiatribygget
Åsehaugen 7A
Inngangen er midlertidig stengt i samband med byggearbeid. Bruk inngang på austsida av bygget. Tilkomst via gangsti ved hovudinngangen til Ålesund sjukehus.
Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
Geilebergvegen 20
Åse hotell
Åsehaugen 7
Åsebøen 1
Åsebøen 5

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Kantina​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje. Velkomen!

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.