Poliklinisk behandling
På bakgrunn av konklusjonen etter utgreiinga vil det saman med ungdomen og foreldre/føresette bli utarbeidd ein behandlingsplan.
For dei aller fleste vil det vere nok med behandling i ein BUP poliklinikk. Dersom spiseforstyrringssymptoma ikkje blir redusert, kan det bli nødvendig å forsterke eller erstatte det polikliniske tilbodet med til dømes ambulante tenester eller dagtilbod der dette er tilgjengeleg. Av og til kan det bli nødvendig med innlegging på sjukehus.
Poliklinisk behandling med ambulante tenester
Ambulante tenester kan vere ei forsterking av poliklinisk behandling eller eit eige behandlingstilbod. Her møter behandlarane ungdomen og foreldre/føresette i deira heimemiljø. Behandlarane kan vere tett på, med dagleg oppfølging i ein intensiv, men tidsavgrensa periode.
Dagtilbod
Eit dagtilbod vil som oftast innebere at ungdomen og/eller familie er til stades ved ei avdeling nokre timar dagleg og ete eit eller fleire måltid der. Eit slikt tilbod kan også gjelde samtalar med behandlarar, aktivitetar og/eller gruppetilbod. Nokre stadar kan familien bu i ei eiga leilegheit og ta imot dagtilbod.
Innlegging på sjukehus
Ved alvorleg spiseforstyrring over tid utan betring eller ved forverring, kan innlegging på døgneining for psykisk helsevern vere nødvendig. Desse innleggingane blir som oftast planlagt saman med behandlar.
Av og til, når allmenntilstanden er dårleg, er det nødvendig med innlegging på somatisk avdeling som akutt hjelp.
Barn og ungdom under 18 år har rett til å ha med minst ein av foreldra/føresette under innlegging. Nokre avdelingar legg også inn heile familien i periodar.
Alle sjukehus har eit skuletilbod knytt til avdelinga.
Behandlinga vil som oftast bestå av:
- Ernæring
Regelmessige måltid og tilstrekkeleg ernæring er nødvendig for tilfrisking. Mengden mat blir tilpassa ungdomen sin tilstand.
- Psykoterapeutisk behandling
Psykoterapi betyr behandling av psykiske lidingar ved hjelp av psykologiske/psykiatriske metodar. For alvorlege spiseforstyrringar hos barn og ungdom er familiebasert terapi (FBT) den behandlinga med best verknad. Men behandlinga kan også omfatte individuelle samtalar, eksponeringsterapi, kunst- og uttrykksterapi og gruppebehandling.
- Tilpassing av fysisk aktivitet
Fysisk aktivitet må tilpassast ungdomen sine psykiske vanskar, matinntak, somatisk status og endrast i tråd med tilfriskingsprosessen.
Aktuelle terapimetodar for barn og ungdom:
- Familiebasert behandling for spiseforstyrring (FBT)
Familiebasert behandling for spiseforstyrring (FBT) er ei behandlingsform utvikla spesielt for barn og ungdom, og deira sin familie, som strever med mat og spising.
Dette er den mest verksame behandlinga, og derfor anbefaler dei nasjonale retningslinjene familiebasert behandling spesifikt til barn og ungdom med spiseforstyrring.
At heile familien er med aukar sjansen for tilfrisking, forhindrar tilbakefall, og reduserer behovet for meir intensiv behandling, inkludert døgnbehandling. Dette gjeld alle spiseforstyrringsdiagnosar, både ved anoreksi, bulimi og overspising.
Ved familiebasert behandling snakkar behandlaren litt med ungdomen åleine, men mest med heile familien samtidig. Av og til er det også viktig og nødvendig å snakke med foreldra utan at ungdomen til stades.
- Fleirfamiliegruppeterapi
Fleirfamiliegruppeterapi blir gitt i tillegg til ein annan hovudbehandling, som for ungdom vanlegvis vil vere familiebasert behandling. Ved fleirfamiliegruppeterapi møtast fleire familiar over ein eller fleire dagar i ei viss tidsperiode, vanlegvis omtrent eit halvår.
- Individuell psykoterapi for spiseforstyrring
Dersom FBT ikkje fører fram eller er uaktuelt, bør det bli gitt tilbod om individuell psykoterapi retta mot spiseforstyrringar. Det er utvikla fleire slike behandlingsformer, men ingen spesifikk psykoterapi kan på vitenskapeleg grunnlag klart bli anbefalt framfor andre psykoterapiar.
Behandlinga bør uansett vere retta mot å hjelpe barnet/ungdomen til eit trygt matinntak og spisemønster. Dette inneber å ha fokus på vektnormalisering når det er nødvendig. Dessutan må behandlinga også ha fokus på alle dei andre sidene ved spiseforstyrring, som overspising, oppkast eller overdreven trening. Psykoterapien bør ha ei viss varigheit og intensitet.
Til eldre ungdomar (over 16 år) kan kognitiv åtferdsterapi for spiseforstyrring brukast som behandling ved bulimi som eit alternativ til FBT.
- Medikamentell behandling
Det finst ingen medikament som kurerer ei spiseforstyrring åleine, men nokre medikament kan av og til vere til hjelp. Dersom ungdomen samtidig strever med til dømes tvangsliding, depresjon, angst og søvnvanskar, kan medisinar vere ein nødvendig del av behandlinga.