Diagnose
Spiseforstyrring hos barn og unge, pakkeforløp
Spiseforstyrring er ei fellesnemning for fleire tilstandar med forstyrra spisemønster der ein er overoppteken av mat, kropp og vekt, med ulik grad av alvor og årsakssamanheng. Dei mest kjente tilstandane er anoreksi og bulimi.Innleiing
Nasjonale pasientforløp skal bidra til at du får heilskapleg hjelp utan unødvendig ventetid. Vi legg til rette for at du skal få vere med å bestemme i avgjerder om di behandling, og for at behandlinga skal vurderast undervegs.
Sjølv om spiseforstyrring oftast startar i ungdomsåra, kan også barn få spiseforstyrring. Spiseforstyrring er ekstra farlege hos barn og ungdom, då dei raskt kan bli verre og normal vekst og utvikling kan stoppe opp.
Ved mistanke om spiseforstyrring er det viktig å vere merksam på om barnet følgjer si tidligare utviklingskurve for høgde og vekt og viser normal pubertetsutvikling. Spiseforstyrring kan likevel vere vanskeleg å oppdage, fordi kroppsvekt og næringsbehov til barn og unge varierer under vekstperiodar.
Mange med spiseforstyrring har ei forstyrra kroppsoppleving. Det er vanleg å føle seg større enn det andre oppfattar ein som, og å ha eit sterkt ønske om å gå ned i vekt.
Tilvising og vurdering
For å få utgreiing og/eller behandling i spesialisthelsetenesta sitt tilbud til barn og ungdom, treng du tilvising. Lege, psykolog og barnevernsleiar kan tilvise barn og ungdom til psykisk helsevern for barn og unge (BUP).
Etter mottatt tilvising vil BUP avgjere om du får behandling her.
Du vil få tilbod om hjelp etter 4-12 veker, avhengig av kor alvorleg tilstanden er. Ved behov for øyeblikkeleg hjelp blir du tilvist du direkte til akutte tilbod innan psykisk helsevern eller somatikk.
Sjå nettsider frå helsedirektoratet for fleire detaljar
Utredning
Dei fleste som kjem til BUP med ei spiseforstyrring får tilbod om poliklinisk behandling. Når tilvisinga er vurdert og det blir gitt rett til nødvendig helsehjelp, vil ungdomen/foreldre/føresette bli kontakta på telefon eller pr brev. Der får de informasjon om kva som skal skje vidare.
Ei grundig somatisk og psykisk vurdering er nødvendig for god behandling på rett omsorgsnivå. På bakgrunn av tilvising og den første samtalen vil det saman med ungdomen og foreldre/føresette bli utarbeidd ein utgreiingsplan.
Utgreiinga vil som oftast vere:
- Informasjon (kartlegging) om sjukdomshistoria (anamnese inkludert familieanamnese)
- Relevante testar og intervju, som på fagspråket blir kalla strukturerte diagnostiske intervju/instrument
- Relevante skjema som ungdomen og eventuelt foreldre/føresette/andre skal fylle ut sjølv (sjølvrapporteringsskjema)
- Somatisk utgreiing (legeundersøking, blodprøver, ev. andre supplerande undersøkingar ved behov)
Ei spiseforstyrring blir behandla best når behandlinga startar så raskt som mogleg. For dei fleste vil diagnosen vere relativ klar, og det vil ikkje vere nødvendig å gå igjennom ei lengre periode med utgreiing før behandlinga startar.
Behandling
Vurdering av tilleggsbehandling
Psykoterapeutisk behandling
Psykoterapi tyder behandling av psykisk lidingar ved hjelp av psykologiske metodar, vanlegvis samtale. Det er altså et vidt omgrep som gjeld mange metodar (individualterapi, familieterapi/foreldrearbeid, gruppebehandling, kunst- og uttrykksterapi). I terapi er det viktig at pasienten/familien føler seg tatt vare på og lytta til.
Oppfølging
Koordinator
Både kommunen og spesialisthelsetenesta har ansvar for å oppnemne ein forløpskoordinator. Forløpskoordinatoren skal sørge for at ulike delar av behandlinga heng saman, og at ungdomen og familien får den hjelpa som det er bruk for utan at det blir unødig ventetid mellom ulike tiltak.
Individuell plan
Barn og ungdom med spiseforstyrring kan ha behov for langvarig oppfølging frå ulike instansar. I slike tilfelle blir det utarbeidd ein individuell plan og oppretta ansvarsgruppe. Kommunehelsetenesta har ansvar for å utarbeide og koordinere individuell plan, men vi skal bidra i arbeidet dersom pasienten også mottek tenester herifrå.
Vi skal så snart som mogleg varsle kommunen når vi ser at det er behov for ein individuell plan som gjeld tenester både frå oss og kommunen.
Det er viktig å få til trygge og glidande overgangar i ei overføring mellom ulike tenester og behandlingsnivå. Dette gjeld også ved bytte av behandlar på same behandlingsnivå.
Behandling etter fylte 18 år
Dersom ungdomen treng vidare poliklinisk behandling i spesialisthelsetenesta utover fylte 18 år blir behandlinga overført til psykisk helsevern for vaksne. Under visse føresetnader kan behandlinga fortsette ved BUP fram til fylte 23 år.
Kontakt
Nyheiter
- 13. desember 2022Ungdommar med spiseforstyrring treng familiane sine for å bli friske
Spiseforstyrring er ein av dei mest alvorlege psykiske lidingane. Antall pasientar aukar, også alvorlegheitsgraden. - Difor set vi no i gang med fleirfamiliegrupper i behandlinga, seier familieterapeut Kristin Silseth i Helse Møre og Romsdal.