All strålebehandling er individuelt tilpassa. For at vi skal kunne planlegge og gjennomføre behandlinga, krev det at vi har eit godt tverrfagleg samarbeid av eit fagteam som består av legar, medisinske fysikarar og stråleterapeutar. Legane vurderer sjukdomsbiletet og avgjer kva område som skal behandlast og kor høg stråledose vi skal gi. Talet på behandlingar (fraksjonar) varierer avhengig av svulsttype, størrelse, lokalisasjon og hensikta med behandlinga. Medisinske fysikarar og stråleterapeutar planlegg og kvalitetssikrar behandlinga.
Vi tar vanlegvis CT-bilete av den delen av kroppen vi skal behandle. CT-bileta blir brukt til å lage eit individuelt tilpassa behandlingsopplegg som vi kallar doseplan. Nokre skal ha intravenøst røntgenkontrastmiddel (dvs. røntgenkontrastmiddel satt inn i ein blodåre) ved CT-undersøkinga. På CT vil det bli teikna med tusj på huda di og ofte tatoverer vi også på små hjelpemerke. Dette gjer vi for å kunne kontrollere at du ligg på same måte ved kvar behandling. CT-undersøkinga blir utført på stråleterapiavdelinga.