Behandling

Strålebehandling ved brystkreft

Strålebehandling blir gitt for å redusere risiko for tilbakefall og har også vist å auke overlevinga etter operasjon for brystkreft.

Velkomen til stråleterapien

Vi har laga ein video som gir deg ein introduksjon til det som skjer når du er pasient hos oss.
Velkomen til stråleterapien
Et rom med skrivebord og datamaskin

Følgande er ein generell orientering. Du vil få meir konkret informasjon om ditt behandlingsopplegg frå legen og stråleterapeuten.

Strålane som blir gitt ved strålebehandling kan samanliknast med strålane frå eit røntgenapparat, skilnaden er at dei har høgare energi. Ved strålebehandling blir cellene si evne til å dele seg påverka, slik at ein kreftsvulst vil kunne slutte å vekse, skrumpe inn og forsvinne. Stråling kan fjerne restar etter svulstvev som ikkje let seg fjerne ved operasjon, og kan og skrumpe inn ein svulst slik at han seinare kan fjernast kirurgisk.
Normalt vev har større toleranse for stråling enn svulstvev og har dermed betre evne til å reparere dei skadane som stråling medfører. Ved å dele opp den totale stråledosen i små daglege doser blir denne effekten forsterka og gir normalt vev tid til reparasjon mellom kvar behandling. Behandlinga skjer dagleg, unntatt laurdag og søndag.

Før

CT-bilde

I forkant av strålebehandlinga blir du innkalla til ei CT-undersøking ved kreftavdelinga. Med bilda frå denne undersøkinga kan vi lage eit tilpassa behandlingsopplegg til deg.  Planlegginga blir gjort i samarbeid mellom lege, fysikar og stråleterapeut. Legen godkjenner behandlingsplanen før oppstart. Du skal ikkje vaske bort tusjstrekane du får ved CT-undersøkinga. 

Røyking

Røyking reduserer effekten av strålebehandlinga. Vi frarår at du røyker i strålebehandlingsperioden. Røyking under kreftbehandling er vist å gi dårlegare behandling, samt fleire biverknader. Snakk med oss om røyking og vi kan gi deg meir informasjon og rettleiing.

Under

Behandlingsapparatet står i eit eige skjerma rom. Først blir du lagt opp på eit bord der strålefeltet blir innstilt ved hjelp av markeringane frå doseplan CT. Stråleterapeutane sørger for at du ligg i riktig leie. Under sjølve strålinga ligg du åleine i rommet, medan behandlinga blir utført under oppsyn av personalet. Du blir heile tida overvaka via ein TV-skjerm og kan når som helst få kontakt med personalet.
Strålebehandlinga er ikkje smertefull og kan samanliknast med å ta eit røntgenbilete. Du vil høyre ein summande lyd medan strålinga går føre seg. Med innstilling og stråling tek strålebehandlinga vanlegvis rundt 10-20 minutt kvar gong. Når du får strålebehandling representerer du ikkje nokon strålefare for omgivnadane dine. Du kan derfor omgå andre akkurat som før. Det er fullt mogeleg å ta med pårørande undervegs i behandlinga.

Røyking reduserer effekten av strålebehandlinga. Vi frarår at du røyker i strålebehandlingsperioden. Røyking under kreftbehandling er vist å gi dårlegare behandling, samt fleire biverknader. Snakk med oss om røyking og vi kan gi deg meir informasjon og rettleiing.

Hudreaksjonar vil oppstå i større eller mindre grad under og etter strålebehandling. Undervegs i behandlinga vil strålefeltet bli observert jamleg av lege og stråleterapeutar. Dersom det oppstår problem eller ved spørsmål, ta kontakt med personalet. Vi kan gi råd og rettleiing om pleie og behandling.

Generelle anbefalingar

Dagleg reingjering av huda i strålefeltet anbefalast, og du kan dusje eller vaske deg som vanleg. For å irritere huda minst mogleg bør du:

  • Bruke lunka vatn og lågt trykk på dusjen. Ikkje skrubbe eller gni
  • Bruke uparfymert såpe med nøytral PH-verdi viss du ønsker å bruke såpe
  • Klappe huda tørr eller lufttørke
  • Ved behov for barbering i strålefeltet bør du bruke barbermaskin, ikkje barberhøvel

Pleie og forholdsregler

Karbad/symjehall frårådast under behandlinga og så lenge det er reaksjon i huda. Vatn frå badekar blir raskt forureina. Klor kan irritere og tørke ut huda.
Smøring med uparfymert fuktighetskrem/lotion kan redusere tørrleik og kløe. Der det eventuelt blir hudlause område skal det ikkje smørast, då det kan irritere ytterlegare. Smør aldri før behandlinga same dag.
Unngå sol/solarium i behandlingsperioden. Viss du er ute i sola bør det bestrålte område dekkast til. Huda i strålefeltet vil alltid vere sårbar og kan lettare bli brent. I minst eitt til to år etter avslutta strålebehandling bør du unngå å få sol direkte på området som er bestrålt. Ved sterk soleksponering bør solkrem også brukas under klede.
Det er viktig at huda får nok luft. Bruk derfor helst bomullsklede eller ull inn mot huda. Bruk luftige og ikkje stramme klede. Ligg gjerne med bar hud under eit teppe når du kviler.
Viss det er sterkt behov for bruk av bandasje, skal ikkje bandasjer med lim eller tape nyttas i strålefeltet. Lim frå bandasjer tek med seg hudceller når dei blir bytta, og gjer huda sår. Bruk heller elastisk bind som feste eller bandasjer med silikonlag inn mot huda. Silikonbandasjen kan ligge på opptil ei veke om den ikkje er gjennomtrekt av sårvæske. Spør stråleterapeutane, dei kan gi råd om bruk av bandasjer.

Saltvassomslag

Omslag med saltvatn verkar lindrande på sår hud som klør og er øm. Ved blemmer eller sår i huda kan saltvassomslag også verke reinsande og infeksjonsførebyggjande. Strålefeltet kan skyljast eller det kan leggast på godt fukta kompress med saltvatn i 10-20 minutt. Saltvatn (Natriumklorid 0,9 %) kan kjøpast på apoteket, eller du kan koke opp ein liter vatn og ei spiseskje vanleg hushaldningssalt som deretter avkjølast til romtemperatur. Ein kan også bruke eit klede av lin eller bomull som kompress.

Slik bruker du saltvassomslag:

  • Vask hendene.
  • Dynk kompressane godt med saltvatn og legg desse på huda. Lat liggje i 10-20 minutt, ikkje lenger.
  • Lat huda lufttørke før du eventuelt smørar med blå Apobase eller Aloe Vera. NB! Ikkje smør før behandling. Lat gjerne kremen trekke inn i huda før du kler på deg.
  • Saltvassomslag kan du legge på så ofte du ønsker, gjerne 2-3 gonger for dag.

Biverknader i huda frå strålinga kan vare og/eller auke 2-3 veker etter avslutta strålebehandling. Målretta tiltak som nemnde over skal fortsette til huda er godt tilhela, vanlegvis 4-6 veker etter avslutta strålebehandling. Viss det utviklar seg sårdanning med væsking der sårvæska får gul eller grøn farge og/eller vond lukt, ta kontakt med fastlegen din. Det kan takast ei bakterieprøve for å undersøkje om det er nødvendig med antibiotika.


Det er viktig å drikke godt under strålebehandlinga. Dette hjelper kroppen til å skilje ut avfallsstoff. Du bør drikke 1,5-2 liter om dagen.

Ein kreftdiagnose inneber for mange ei endring i seksualitet og samliv. Anten som direkte følge av sjukdommen eller biverknad frå behandling. I alle faser av livet, uansett alder, seksuell legning, om ein har partnar eller ikkje, er det normalt å være bekymra over korleis sjukdom og behandling kan påverke den seksuelle helsa.

Seksualrettleiing kan hjelpe deg om du har spørsmål relatert til

  • Sjukdom og behandling av sjukdom
  • Medisin som påverkar seksualitet
  • Manglande eller lita lyst
  • Andre utfordringar knytt til seksualitet, kroppsbilete og sjølvbilete
    Vi ønsker å bidra til openheit om utfordringar rundt kreft og seksualitet, og tilbyr samtale til deg som er eller har vore til behandling hos oss. Kontakt oss dersom du ønsker ein slik samtale. Ta gjerne med partnar. 

Fleire ressursar for informasjon om kreft og seksualitet

Du vil få kontrollar undervegs i strålebehandlinga. Du skal ta blodprøver nokre dagar før desse kontrollane. Oppstår det noko mellom desse kontrollane, ta kontakt med stråleterapeutane.

Ved strålebehandling er dei fleste biverknader lokale for området som vert bestrålt. Dei kjem oftast ikkje etter første behandling, men gjerne først etter nokre behandlingar. Det er viktig å understreke at ikkje alle får dei same biverknadene og graden kan variere. Dei fleste toler strålebehandlinga særs godt og alvorlege biverknader er sjeldne.

Hudreaksjoner

Det er ikkje uvanleg å få strålereaksjonar i huda ved strålebehandling. Enkelte stader på kroppen er huda tynnare og meir sårbar enn andre stader (særskilt omslagsfolder, til dømes armholer) og vert difor lettare sår ved bestråling. Sårheita kan vare ved eller auke fram til minst 2-3 veker etter avslutta behandling.

Trøyttleik

Strålebehandlinga kan gjere at du føler deg meir trøytt og slapp. Viss ein kjenner seg trøytt og slapp prøv og halde deg i aktivitet, mosjoner. Ein spasertur kvar dag vil gjere deg godt og treng ikkje vere så lang. Drikk godt undervegs i behandlinga, det kan og hjelpe på trøyttheita.

Svelgvanskar

Strålebehandlinga som inkluderer heile eller delar av halsen, kan føre til irritasjon og sårheit i svelget. Dette kan føre til svelgvanskar. Vanlegvis er dette eit lite problem ved den strålebehandlinga du skal gjennomføre. Ta kontakt med personalet på stråleterapieininga viss du merkar noko.



Etter

Strålebehandlinga kan vere ei påkjenning for kroppen din. Frisk luft er bra. Viss du kjenner deg trøytt og slapp prøv og halde deg i aktivitet, mosjoner. Fysisk aktivitet kan blant anna bidra til å redusera biverknader av kreftbehandling, oppretthalde og betre fysisk form, gi auka energi og overskot.
Hald fram med å drikke mykje. Kroppen vil danne ein del avfallsstoff undervegs i behandlinga som skal skiljast ut.
Det viktigaste er at du lyttar til kroppen sine eigne signal, og brukar den tida du treng for å kome deg ovanpå igjen.

Ei grundig planlegging blir gjort i kvart tilfelle for å minimalisere risikoen for seinplager. Stråledosen du får er valt med tanke på dette, samstundes med at vi ønsker best mogleg behandlingseffekt av strålebehandlinga. Det er ikkje mogleg å unngå at omkringliggande organ blir bestrålte til ein viss grad. Vi har klare grenser for kor mykje stråling slike organ kan få. Grensene vi brukar er baserte på at risikoen for seinskader skal vere minimal. Biverknader som oppstår på grunn av strålebehandlinga kan auke eller vare dei første 2-3 vekene etter siste strålebehandling. Nokre gongar kan biverknadane vare lengre grunna individuelle forskjellar og type behandling. Dette er på grunn av at skadar som oppstår i cellene ikkje kjem til uttrykk før cella skal dele seg. Tida ein celledelingssyklus tek er ulik for ulike vevstypar.
Dersom biverknadene er særs plagsame, eller ikkje blir betre etter 4-6 veker kontakt fastlegen din eller ring sjukehuset, viss du har spørsmål.

Seinbiverknader kan oppstå månader til år etter avslutta strålebehandling.
Dei vanlegaste er:

Arrdanning i lungene

Ytterst sjeldan med dei behandlingsteknikkane vi nyttar i dag. Sjølv om ein slik skade skulle oppstå er det uvanleg at det vil hemme deg i kvardagen. Symptom på skade er aukande tung pust ved aktivitet og tørrhoste. Skulle du få slike symptom månader eller år etter strålebehandlinga må du gi beskjed til din eigen lege. Eit røntgenbilete av lungene vil kunne påvise dette.

Biverknader frå hjartet

Kan oppstå ved strålebehandling etter operasjon for venstresidig brystkreft, men er sjeldan. Risiko for slike biverknader aukar dersom du har hjartesjukdom frå før. Behandlingsplanen for di strålebehandling vert laga slik at ein i størst mogleg grad unngår bestråling av hjartet, og det er klare retningslinjer for kor mykje stråling hjartet kan få under behandlinga.
Du kan sjølv bidra til å redusere risiko ved å unngå andre risikofaktorar (døme: røyking) og elles velje ein sunn livsstil (kosthald og aktivitet).

Skade på nervane som går til arma

Er svært sjeldan komplikasjon ved dei behandlingsteknikkane vi nyttar i dag.

Lavt stoffskifte/hypothyreose

Alle får målt stoffskifte (blodprøve) før oppstart av strålebehandling. Dersom du får strålebehandling mot lymfeknutestasjonar anbefalast årleg kontroll hos fastlegen din.

Frå huda

Huda kan verte hard og stiv. Det kan også danne seg mørke pigmentflekkar og tynne raude striper i huda. Huda kan også verte mørkare og meir raud enn normalt. Biverknader frå huda er ikkje farleg, men kan vere kosmetisk skjemmande.

Lymfødem i arm

Mest vanleg dersom du er operert i armhola og deretter får strålebehandling mot området. Kan lindrast ved lymfedrenasje og lindring av arma av fysioterapeut med spesialutdanning i dette.

Ribbeinsbrot

Sjeldan. Vanlegast hos dei som er beinskjøre.

Hudreaksjonar vil oppstå i større eller mindre grad under og etter strålebehandling. Undervegs i behandlinga vil strålefeltet bli observert jamleg av lege og stråleterapeutar. Dersom det oppstår problem eller ved spørsmål, ta kontakt med personalet. Vi kan gi råd og rettleiing om pleie og behandling.

Generelle anbefalingar

Dagleg reingjering av huda i strålefeltet anbefalast, og du kan dusje eller vaske deg som vanleg. For å irritere huda minst mogleg bør du:

  • Bruke lunka vatn og lågt trykk på dusjen. Ikkje skrubbe eller gni
  • Bruke uparfymert såpe med nøytral PH-verdi viss du ønsker å bruke såpe
  • Klappe huda tørr eller lufttørke
  • Ved behov for barbering i strålefeltet bør du bruke barbermaskin, ikkje barberhøvel

Pleie og forholdsregler

Karbad/symjehall frårådast under behandlinga og så lenge det er reaksjon i huda. Vatn frå badekar blir raskt forureina. Klor kan irritere og tørke ut huda.
Smøring med uparfymert fuktighetskrem/lotion kan redusere tørrleik og kløe. Der det eventuelt blir hudlause område skal det ikkje smørast, då det kan irritere ytterlegare. Smør aldri før behandlinga same dag.
Unngå sol/solarium i behandlingsperioden. Viss du er ute i sola bør det bestrålte område dekkast til. Huda i strålefeltet vil alltid vere sårbar og kan lettare bli brent. I minst eitt til to år etter avslutta strålebehandling bør du unngå å få sol direkte på området som er bestrålt. Ved sterk soleksponering bør solkrem også brukas under klede.
Det er viktig at huda får nok luft. Bruk derfor helst bomullsklede eller ull inn mot huda. Bruk luftige og ikkje stramme klede. Ligg gjerne med bar hud under eit teppe når du kviler.
Viss det er sterkt behov for bruk av bandasje, skal ikkje bandasjer med lim eller tape nyttas i strålefeltet. Lim frå bandasjer tek med seg hudceller når dei blir bytta, og gjer huda sår. Bruk heller elastisk bind som feste eller bandasjer med silikonlag inn mot huda. Silikonbandasjen kan ligge på opptil ei veke om den ikkje er gjennomtrekt av sårvæske. Spør stråleterapeutane, dei kan gi råd om bruk av bandasjer.

Saltvassomslag

Omslag med saltvatn verkar lindrande på sår hud som klør og er øm. Ved blemmer eller sår i huda kan saltvassomslag også verke reinsande og infeksjonsførebyggjande. Strålefeltet kan skyljast eller det kan leggast på godt fukta kompress med saltvatn i 10-20 minutt. Saltvatn (Natriumklorid 0,9 %) kan kjøpast på apoteket, eller du kan koke opp ein liter vatn og ei spiseskje vanleg hushaldningssalt som deretter avkjølast til romtemperatur. Ein kan også bruke eit klede av lin eller bomull som kompress.

Slik bruker du saltvassomslag:

  • Vask hendene.
  • Dynk kompressane godt med saltvatn og legg desse på huda. Lat liggje i 10-20 minutt, ikkje lenger.
  • Lat huda lufttørke før du eventuelt smørar med blå Apobase eller Aloe Vera. NB! Ikkje smør før behandling. Lat gjerne kremen trekke inn i huda før du kler på deg.
  • Saltvassomslag kan du legge på så ofte du ønsker, gjerne 2-3 gonger for dag.

Biverknader i huda frå strålinga kan vare og/eller auke 2-3 veker etter avslutta strålebehandling. Målretta tiltak som nemnde over skal fortsette til huda er godt tilhela, vanlegvis 4-6 veker etter avslutta strålebehandling. Viss det utviklar seg sårdanning med væsking der sårvæska får gul eller grøn farge og/eller vond lukt, ta kontakt med fastlegen din. Det kan takast ei bakterieprøve for å undersøkje om det er nødvendig med antibiotika.


Kontakt

Ålesund sjukehus Stråleterapien, Ålesund

Kontakt Stråleterapien, Ålesund

Oppmøtestad

Stråleterapien finn du i første etasjen på kreftavdelinga.
Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Opningstider Stråleterapien

  • I dag 08:00 - 15:30
  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Transport

Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, sjå kart under. 

  • Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ ​

Endra parkeringsområde og stengd inngang nord (poliklinikkinngangen) 

20. november 2023 stengde vi Inngang nord (poliklinikkinngangen) og la om parkeringsområda ved Ålesund sjukehus i samband med ombygging. Under får du oversikt over dei nye parkeringsområda og korleis du lettast kjem til hovudinngangen.  

Kart
Stengd inngang er markert med raudt kryss. 

Markerte område på bildet

  • Grøn markering: Parkering for pasientar/besøkande
  • Gul markering: HC-parkering
  • Raud markering: Parkering for blodgivarar
  • Blå markering: Parkering for besøkande med spesialbevis
  1. Hovudinngang
    Merk av- og påstiging "kyss og køyr sone" utanfor barne- og ungdomsavdelinga
  2. Administrasjonsbygget
  3. Akuttmottaket
  4. Alderspsykiatrisk døgn
  5. Alderspsykiatrisk poliklinikk
  6. Apotek
  7. Audiopedagogen
  8. Barne- og ungdomsavdelinga
  9. BUP
  10. Dagkirurgi Aust
  11. Habiliteringsbygget
  12. Kreftavdelinga
  13. Psykisk helsevern døgn
  14. Psykisk helsevern poliklinikk
  15. UPA
  16. Åse hotell
  17. Åsebøen 1
  18. Åsebøen 5

Besøkande ved habiliteringsbygget, pårørande til barn ved audiopedagogen og barne- og ungdomsavdelinga kan få spesialbevis ved å ta kontakt med avdelingane.  

 

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Praktisk informasjon

​Det kostar ingenting for sjølve strålebehandlinga, men det er ein eigenandel når du treff lege i samband med strålebehandling. Dette gjeld ikkje dersom du har frikort. Du kan betale med kort eller få med deg ein giro. Om du ønskjer å betale kontant, må du gjere det ved informasjonen ved hovudinngangen på sjukehuset.

​Har du med barn når du kjem til behandling? Vi har to leikerom ved Kreftavdelinga, eit ved sengeposten og eit like ved stråleterapien i første etasje. Her kan barna leike eller slappe av mens du får behandling, anten det er ved sengeposten, poliklinikken eller stråleterapien.

​Om du ønskjer kan du ha med deg pårørande til behandlinga. Barn og unge synest ofte det er betryggande å vite kva som skjer under strålebehandlinga. Familie forøvrig og vener er sjølvsagt også hjarteleg velkomne til å vere med.

Vi ber om at pasientar som treng sjukmelding ordnar dette hos fastlegen. Du kan gjerne vere i arbeid under behandlingsperioden dersom du er i form til det.  

​Eit trenings- og aktivitetsrom for kreftpasientar.

Aktiv mot kreft jobbar for for å få fysisk aktivitet inn som ein del av behandlinga.

Pusterommet er eit trenings- og aktivitetssenter som tilbyr tilpassa fysisk aktivitet til kreftpasientar under og etter behandling. Det er også ein møteplass og sosial arena for pasientar i same situasjon.

Dei tilsette du møter på Pusterommet har spesialkompetanse innan fysisk aktivitet og kreft.

Du kan delta i gruppetrening og/eller få individuelt tilrettelagt treningsprogram.

Pusterommet i Kristiansund

Pusterommet i Ålesund 

 

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Kantina​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje. Velkomen!

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.