Når legen startar registreringa, ligg du på venstre side. Hjartet fell då fram mot brystveggen og blir lettare å undersøke. Når vi trykker med lydhovudet mot ein stad over lengre tid kan det bli litt ømt. Dette er ufarleg, men sei gjerne frå.
Legen fører ultralydhovudet over brystkassa i hjarteregionen og ser samtidig på biletet av hjartet ditt på ein skjerm.
Etter nokre minutt vil du få eit medikament gjennom venekanylen. Dette vil gå kontinuerleg som ein infusjon (drypp). Vi startar med ei lita dose som gradvis blir auka.
Dei fleste kjenner etter kvart at pulsen blir hurtigare og føler at den slår hardare. Dette er verknaden av medikamentet, og er ufarleg. Hjarterytmen, blodtrykket og korleis hjartet arbeider, blir heile tida overvaka.
Dersom du får ubehag/brystsmerter, må du gi beskjed til lege/sjukepleiar. Det kan bli aktuelt å avslutte testen.
Undersøkinga vil vise om det er vesentlege innsnevringar på hjartet sine kransårer. Det vil seie endringar som kan gi angina eller vere årsak til svekka pumpefunksjon av hjartet. Registreringa er ofte nok til å avgjere om ein pasient skal halde fram med medisinsk behandling, kome til kontrollar eller eventuelt undersøkast vidare med tanke på bypass-operasjon eller utblokking av kransåreinnsnevringar.