Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Trombolyse

Trombolyse er det medisinske namnet for nedbryting av blodpropp ved hjelp av medisinar. Trombolytisk behandling blir gitt intravenøst.

Før

Det er ingen spesielle førebuingar til trombolyse. Utgreiing i forkant med CT gir svar på at vi står ovanfor ein sannsynleg blodpropp og ikkje ei hjerneblødning. Dersom pasienten står på Marevan, må vi ha blodprøvesvar før behandlinga startar. Trombolyse kan ikkje gis ved høg INR.

Under

Trombolysebehandlinga blir gitt intravenøst via venekanyle i hand/arm. 1/10 av dosen blir sett som støtdose, resten gis på infusjonspumpe.

Under og rett etter behandlinga blir puls, blodtrykk, oksygenmetning og hjarterytme målt, ofte ved hjelp av overvakingsmonitor.

Etter

Behandlinga inneber ein relativt liten risiko for hjerneblødning, men for sikkerhets skuld anbefaler vi sengeleie dei 12 første timane etter behandlinga. Nytt CT-bilde blir tatt etter 24 timar. Dette for å kontrollere at det ikkje har oppstått ei blødning før du får vidare blodfortynnande behandling.

Ver merksam

Behandlinga inneber ein relativt liten risiko for hjerneblødning, 2-5 prosent. Du vil lettare få blåmerker etter å ha fått trombolysebehandling. Dette er ikkje vedvarande.