Innan fire veker etter utskriving blir du innkalt til samtale med kirurg, viss ikkje anna blir bestemt. Ved kontrollen får du svar på vevsprøvene som er tatt under operasjonen. . Noken vil vere kandidatar for tilleggsbehandling med cellegift i 3 til 6 månader, og vil da bli tilvist til kreftavdeling for vurdering.
Vi avtaler også det vidare kontrollopplegget. Dei aller fleste skal til vidare kontrollar hos fastlegen sin i fem år, men i nokre tilfelle er risikoen for tilbakefall så liten at det ikkje er anbefala med rutinemessig oppfølging. Ta kontakt med fastlegen din viss du er bekymra for tilbakefall.
Dersom du skal til kontroll hos fastlegen, skal ansvaret for behandlinga bli overført på ein tydeleg måte. Fastlegen må få god informasjon om endeleg diagnose etter avslutta behandling på sjukehuset og hva kontrollene inneber. Du må sjølv bestille time hos fastlegen.
Kontroll ved tjukktarmskreft
Kontroll skjer oftast hos fastlege kvar 6. mnd t.o.m. 3 år etter operasjonen, deretter etter 5 år. Om lag 5 år etter operasjonen skal du ta ein koloskopi-undersøking (av heile tjukktarmen).
3-4 vekers kontroll: Du får innkalling til poliklinikken. Her blir det ein samtale med kirurg og du får svar på vevsprøver. Du skal også ta ein blodprøve (CEA), og moglegheita for tilleggsbehandling med cellegift blir vurdert.
3-6 mnd kontroll: : Dersom du har fått behandling med cellegift vil du etter dette få en avsluttande kontroll på sjukehuset. Du får samtale med kreftlege.
6 mnd kontroll: Du skal ta ein ny blodprøve (CEA) på legekontoret
1 års kontroll: Du bestiller time hos fastlegen din. Fastlegen skal bestille røntgen CT av lungene, levra og magen. Du skal ta ny blodprøve (CEA).
1 ½ års kontroll: Du bestiller time hos fastlegen din. Du skal ta ny blodprøve (CEA).
2 års kontroll: Du bestiller time hos fastlegen din. Fastlegen skal bestille røntgen CT av lungene, levra og magen. Du skal ta ny blodprøve (CEA).
2 ½ års kontroll: Du bestiller time hos fastlegen din. Du skal ta ny blodprøve (CEA).
3 års kontroll: Du bestiller time hos fastlegen din. Fastlegen skal bestille røntgen CT av lungene, levra og magen. Du skal ta ny blodprøve (CEA).
- 5 års kontroll: Du bestiller time hos fastlegen din. Fastlegen skal bestille røntgen CT av buk, lever og lunger og ein ny undersøking av tjukktarmen (koloskopi) og blodprøve (CEA) før kontrolltimen din.
Kontroll ved endetarmskreft
Første kontrollen er 3-4 veker etter operasjon. Vidare kontrollar er om lag kvar 6. mnd t.o.m. 3 år etter operasjonen. Deretter årleg kontroll til 5 år. Om lag 5 år etter operasjonen skal du ta ein koloskopi-undersøking (av heile tjukktarmen).
3-4 vekers kontroll: Du får innkalling til poliklinikken. Her blir det ein samtale med kirurg og du får svar på vevsprøver. Du skal også ta ein blodprøve(CEA)
3-6 mnd kontroll: Du får innkalling til poliklinikken. Her blir det ein samtale med kirurg.
6 mnd kontroll: Du skal ny blodprøve (CEA) på legekontoret.
1 års kontroll: Du bestiller time hos fastlegen. Fastlegen skal bestille CT røntgen av levra, lungene, magen og bekkenet, og ny blodprøve (CEA).
1 ½ års kontroll: Du bestiller time hos fastlegen. Du skal ta ny blodprøve (CEA)
2 års kontroll: Du bestiller time hos fastlegen. Fastlegen skal bestille CT røntgen av levra, lungene, magen og bekkenet, og ny blodprøve (CEA).
2 ½ års kontroll: Du bestiller time hos fastlegen. Du skal ta ny blodprøve (CEA)
3 års kontroll: Du bestiller time hos fastlegen. Fastlegen skal bestille CT røntgen av levra, lungene, magen og bekkenet, og ny blodprøve (CEA).
- 5 års kontroll: Du bestiller time hos fastlegen. Fastlegen skal bestille CT røntgen av levra, lungene, magen og bekkenet. Ny undersøking av tjukktarmen (koloskopi) og blodprøve (CEA) før kontrolltimen din.
Rehabilitering og mestring ved kreftsykdom
Det finst ei rekke tilbod som kan vere ei hjelp til å kome tilbake til kvardagen under og etter kreftsjukdom. Derfor er det viktig å tenke rehabilitering og meistring av sjukdommen heilt frå starten på sjukdommen og behandlinga. Målet er å kunne fungere og leve med eller etter kreftsjukdom, med god livskvalitet.