Barnet ligg på ein benk eller i seng under undersøkinga. Premature barn blir undersøkt medan dei ligg i kuvøse. Sped- og småbarn kan ligge på fanget. Større barn ligg på undersøkingsbenk, og kan sjå på film under undersøkinga.
Undersøkinga blir vanlegvis gjort av ein barne-hjartespesialist (barnekardiolog), eventuelt ein ekkoteknikar. Barnet får elektroder festa på huda på overkroppen. Undersøkinga blir gjort ved at eit lydhovud blir ført over brystveggen. For å kunne lage bilder må det vere god kontakt mellom huda og lydhovudet. Derfor brukar vi alltid ein kontaktgelé på huda. Vi brukar kroppstemperert gelé til dei minste.
Bilda blir registrert på ein skjerm som står ved sidan av pasienten, og dei blir lagra digitalt. Opptaka blir analysert og skildra av legen.
Gjer det vondt?
Undersøkinga er smertefri. Barnet kjenner kun eit lett trykk mot brystet frå lydhovudet.
Kva skjer dersom barnet er uroleg?
Dersom spedbarn er urolege, kan ein gi litt sukkervatn, som er beroligande. Om større barn ikkje vil samarbeide ved undersøkinga, må det ein sjeldan gong bli gitt beroligande medisin for å få gjennomført undersøkinga.
Kor lenge varer undersøkinga?
Undersøkinga tar vanlegvis 20-30 minutt, men det kan ta lengre tid dersom det er vanskeleg diagnostikk eller om barnet er uroleg.