Biopsi
Nokre gonger tek vi hudbiopsiar i samband med utgreiing av hudtilstandar. Du får lokalbedøving i området det skal takast prøve frå. Deretter fjernar vi ein liten bit av huda, som blir sendt til laboratoriet for analyse. I dei fleste tilfelle er det ikkje behov for å sette sting etter at prøva er teken, og området gror fint av seg sjølv. I forkant av ein biopsi må du informere om eventuelle redslar eller allergiar du har. Det er ikkje uvanleg å vere redd for sprøyter eller inngrep generelt.
Blodprøver
Blodprøve kan takast ved laboratoriet på sjukehuset. Du kan også ta blodprøve hos fastlegen. Nokre typar blodprøver kan ikkje takast utanfor sjukehuset, då dei krev spesiell oppbevaring i laboratoriet.
Hudavskrap
Hudavskrap blir ofte teke viss hudlegen mistenker sopp, skabb eller andre infestasjoner i huda. Det blir også gjerne teke hudavskrap til bakteriedyrking. Dette er enkle prosedyrar, og du får ingen ubehag i etterkant.