HELSENORGE
Brystdiagnostisk senter (BDS)

Vakumbiopsi av bryst

For å kunne stille ein sikker diagnose kan det vere nødvendig å ta ei vevsprøve av noko ein har funne ved mammografi og som ikkje viser på ultralyd. Vakumbiopsi blir først og fremst nytta for å avklare årsaka til forkalkingar i brysta.

Før

Undersøkinga krev inga førebuing.

Unntak - dersom du nyttar sterke blodfortynnande medikament, må du la vere å ta desse dei siste dagane før prøvetakinga. 

Dette kan du avklare nærare med den kirurgen som har tilvist deg til prøvetaking.

 Ved frammøte tek du kontakt med ekspedisjonen på Brystdiagnostisk Senter.

Under

Undersøkinga tar frå 30 - 60 minutt.

Under undersøkinga er du avkledd på overkroppen og sit i ein stol eller ligg på ein undersøkingsbenk. Brystet blir plassert i røntgenapparatet som ved ei mammografiundersøking og aktuelt område for prøvetaking blir lokalisert.

Huda over det aktuelle området blir reingjort med desinfeksjonsmiddel og det blir gitt lokalbedøving. Deretter blir det tatt fleire nåleprøver. Sjølve prøvetakinga er ikkje smertefull, men det kan vere ubehageleg å sitte med brystet i mammografiapparatet over lengre tid.

Dei fleste opplev at denne undersøkinga går greit, men nokre gongar kan ein oppleve å bli uvel. Dersom du har lett for å svime av er det greit at du fortel oss dette på førehand.

Etter at prøvetakinga er ferdig vil ein av oss stå og presse mot innstikkstaden ei stund for å unngå at det skal blø. Du får deretter på eit plaster og ein stram bandasje. Bandasjen skal vere på til neste dag mens plasteret skal sitte på i 3-4 dagar.

Prøvene blir sendt vidare til avdeling for patologi ved Ålesund sjukehus, der dei blir vidarebehandla og analysert i mikroskop.

 

Etter

Du får sitte i ein stol og slappe av ei stund før du reiser heim.

Prøvesvaret er vanlegvis klart i løpet av 1-2 veker og du blir informert om svaret av den kirurgen som undersøkte deg då du var på sjukehuset.


Ver merksam

Det er vanleg å få ein blåkul etter prøvetakinga.

Dersom det oppstår ei større bløding som du ikkje klarer å stoppe sjølv ved å trykke mot plasteret, skal du ta kontakt med fastlege eller legevakt.

Det er svært sjeldan at det oppstår infeksjon i brystet etter prøvetaking, men dersom du skulle få teikn til dette så ta kontakt med fastlege eller legevakt.

Kontaktinformasjon

Informasjon om timeavtale og besøk

Har du fått innkalling til time, er blodgivar eller skal besøke nokon på sjukehuset? 

Sjå våre smitteverntiltak og gjeldande rutinar

Kart og parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, sjå kart under. 

  • Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ ​

Flyfoto med markerte parkeringsområde 

Slik blir parkeringa når ombygginga av ny hovudinngang startar 

Planlagt oppstart i oktober.


Raude felt som er kryssa over er tidlegare parkering for besøkande. Nye parkeringsområde er tilgjengeleg for besøkande, slik at det ikkje blir færre plassar i ombyggingsperioden.  

Praktisk informasjon

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Endre/avbestille time

Skulle du ha behov for å endre time kan du ringe brystdiagnostisk senter på telefon 70105700 eller  70105701 mandag - fredag i tidsrommet 08:30 - 10:30 og 12:00 - 13:00. 

Det er viktig at du ringer så snart som råd dersom oppsett time ikkje passer. Unytta timar som ikkje er varsla blir fakturert. 

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Ladestasjon for el-bil

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Parfyme

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Preste- og samtaletenesta

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Spisestader

Kantina​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje. Velkomen!

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

Fann du det du leita etter?