For å kunne gjennomføre videokonsultasjon må du laste ned appen "Skype for business" på mobil eller nettbrett - på bærbar PC/Mac installer du eit tillegg.
Vi anbefalar at du nyttar mobil/nettbrett da det er enkelt å installere app. Det er viktig at du gjer dette i god tid før videokonsultasjonen og testar korleis den kan brukast. Sjå lenger ned korleis du lastar ned og brukar appen.
Brosjyre omkring videokonsultasjonar lastar du ned her (pdf)
Ein MÅ teste oppkobling til videokonsultasjon minst ein dag før time.
Sjå under korleis du testar. Ring telefon 72 57 40 00 om du treng teknisk hjelp etter først å ha testa sjølv (ope kl 08:30-15:00). Har du ikkje fått epost, eller må endre time, kontaktar du poliklinikken.
Førebuingar
Det er viktig at du har gjort deg kjend med teknologien i god tid før første videokonsultasjon. Last ned app og gjennomfør oppkobling til videokonsultasjon når du har motteke epost. Sørg for at mobilen er lada og at du sit i eit stille rom.
Korleis klargjere mobil for videokonsultasjon?
"Skype for business" er ein app for mobilar som nyttast til å gjennomføre videokonsultasjonar. Det er viktig at du lastar ned app i god tid før videokonsultasjon og tester ut korleis den brukast.
iPhone
Gå inn på «App Store».
Trykk på SØK. Det finn du nederst til høgre på skjermen.
Skriv SKYPE FOR BUSINESS i søkefeltet.
Trykk på HENT på appen «Skype for business». App er gratis.
Du skal ikkje åpne appen. Du må no nytte lenka i epost for å delta i videokonsultasjonen.
Android
Gå inn på «Play Butikk» på mobiltelefonen din.
Skriv SKYPE FOR BUSINESS i søkefeltet øvst på skjermen.
Trykk INSTALLER på appen «Skype for business». App er gratis.
- Du skal ikkje åpne appen. Du må no nytte lenka i epost for å delta i videokonsultasjonen.
Korleis klargjere iPad/nettbrett for videokonsultasjon?
"Skype for business" er ein app som nyttast til å gjennomføre videokonsultasjonar. Det er viktig at du lastar ned app i god tid før videokonsultasjon og tester ut korleis den brukast.
iPad
Gå inn på «App Store».
Trykk på SØK. Det finn du nederst til høgre på skjermen.
Skriv SKYPE FOR BUSINESS i søkefeltet.
Trykk på HENT på appen «Skype for business». App er gratis.
Du skal ikkje åpne appen. Du må no nytte lenka i epost for å delta i videokonsultasjonen.
Når du nyttar lenke er det ikkje alltid denne opnar appen "Business". Vi har erfart at ein i nokre tilfelle må halde finger over "Trykk HER for å bli med i videokonsultasjon" i epost, kopiere lenke, og så lime denne inn i Safari. Du vil då over Safari-vindauge få moglegheit til å "Åpne Business".
Android
Gå inn på «Play Butikk» på mobiltelefonen din.
Skriv SKYPE FOR BUSINESS i søkefeltet øvst på skjermen.
Trykk INSTALLER på appen «Skype for business». App er gratis.
- Du skal ikkje åpne appen. Du må no nytte lenka i epost for å delta i videokonsultasjonen.
Korleis klargjere bærbar PC for videokonsultasjon?
1. Finn fram epost (eller kalender) med innkalling. Trykk «Trykk HER for å bli med i videokonsultasjon»
2. Velg «Installere og bli med ved hjelp av nettappen for Skype-møter».
3. Etter nedlasting må du dobbelklikke tillegg/plug-in som vert lasta ned - nokre kan oppleve å måtte velje «Kjør» for å installere tillegget til nettlesaren. Følg instruksjonar grundig.
4. Etter installasjon og når du koplar opp til timen må du godta «Ja» for å bli med i møtet.
5. Skriv inn namnet og trykk OK for å vente i lobbyen. Hugs å aktivere kamera og lyd når du slepp inn til timen.
6. Du kan oppleve advarsel fra Window Defender (brannmur). Du gå trykke "Tillat adgang"
7. Du sitter nå i virtuell lobby (ventrom) - alt klart til videokonsultasjon.
8. Når du slepp inn til timen må du aktivere kamera og lyd. Trykk på skjerm for å få frem ikon.
OBS: Får du problem med å installere plugin-modulen, kan du bruke
Microsoft sine eigne supportsider for Skype web app.
Korleis klargjere MAC for videokonsultasjon?
1. Finn fram epost (eller kalender) med innkalling. Trykk «Trykk HER for å bli med i videokonsultasjon»
2. Trykk at du vil "Laste ned og installere Skype for Business"
3. Start tillegg som er lastet ned og følg instruksjoner for installering.
4. Mac gir beskjed om at "Alt er klart" Møtet åpnes i et nytt Skype for Business-vindu".
5. Trykk da nederst på "Prøv å bli med i møtet på nytt".
6. Skriv inn navn og trykk Gjest. Du sitt no i lobby som før ein videokonsultasjon.
7. Når du slepp inn til timen aktiverer du kamera og lyd.
Korleis klargjere Chromebook for videokonsultasjon?
Tillegg som blir installert til nettlesaren Chrome i Chromebook fungerer dessverre ikkje per dags dato.
Prøveoppkobling av deltaking i videokonsultasjon minst ein dag før timen
Ein MÅ teste innkalling til videokonsultasjon minst ein dag før time. Sjå under korleis du testar. Ring 72 57 40 00 om du treng teknisk hjelp etter først å ha testa sjølv (ope kl 08:30-15:00). Har du ikkje fått epost, eller må endre time, kontaktar du poliklinikken.
PC/MAC
Etter at du har klargjort PC/Mac kan du i epost teste lenke ved å "Trykk HER for å delta i videokonsultasjon". Du kjem så inn i lobby (står at du er i virtuell lobby, behandler slepp deg inn når du har time, sjå bilde under.)
Mobil
Etter at app er installert finn du frem innkallinga til videokonsultasjonen. Trykk på lenka "Trykk HER for å delta i videokonsultasjon". Skype-app skal lastast; gi den tilgong til kamera, galleri, kontakter, etc;
vel Gjest og skriv inn namn (ein skal ikkje logge inn). Du kjem så inn i lobby står at du er i vår virtuelle lobbby - sjå bilde under).
iPad
Etter at app er installert finn du frem innkallinga til videokonsultasjonen. Trykk på lenka "Trykk HER for å delta i videokonsultasjon". Skype-app skal lastast; gi den tilgong til kamera, galleri, kontakter, etc; vel Gjest og skriv inn namn (ein skal ikkje logge inn). Du kjem så inn i lobby står at du er i vår virtuelle lobbby - sjå bilde under). Om app ikkje starter når du nyttar lenke i epost må ein halde finger på "Trykk HER for å bli med i videokonsultasjon" i epost eit par sekund, kopiere lenke, og så lime denne inn i Safari og følgje den. Du vil då over Safari-vindauge få moglegheit til å "Åpne Business
OBS: Ved videokonsultasjon vil du vente i lobby til behandlar slepp deg inn til timen.
Etter 15 min i lobby må du kopla opp igjen til timen om behandlar ikkje har sleppt deg inn. Ein må så aktivera kamera og mikrofon - ikon på skjerm (ein må trykke på mobilskjerm).
Lobby når alt er klart ser ein under (nokre variasjonar kan finnast).
Ofte stilte spørsmål
Du kan støte på utfordringar , dette er ei hjelpeside kor du kan finne svar under.
Behandlar er sein - eg sit i lobby
Forseinkingar kan oppstå på same måte som i vanleg poliklinikk. Vent 10 min før du ringer poliklinikk. Etter 15 min i lobby må du kopla opp igjen til timen om behandlar ikkje har sleppt deg inn.
Ingenting skjer når eg følger lenke på iPad
Når du nyttar lenke i epost er det ikkje alltid denne opnar appen "Business" pga innstillingar på iPad. Ein kan da halde finger over "Trykk HER for å bli med i videokonsultasjon" i epost, kopiere lenke, og så lime denne inn i Safari og følge den. Du vil då over Safari-vindauge få moglegheit til å "Åpne Business".
Det står og spinn ein blå sirkel etter å ha valgt Gjest / Bilde lyd hakkar
Du kan ha brukt opp datakvoten på mobilen, nytt Wifi. Evnt er du på offentleg wifi med restriksjonar, nytt data. Viss det har snurra meir enn 30 sekund i dette skjermbildet, trykk « Avbryt» og vel deretter «Bli med som gjest» ein gong til
Eg får ikkje logga inn på mobiltelefonappen – har ikkje brukernavn/passord
Du skal IKKJE velje alternativet "Logg på" i Skype for Business, men "Bli med som gjest". Du må følge lenke i epost og velge at du er «Gjest» og skrive inn namnet ditt for å komme videre.
Eg finn ikkje innkallinga på e-post
Du får epost ca kl 10:00 dagen før videokonsultasjon som påminning. Søk evnt etter epost - søkeord: HMR. Har du godtatt innkalling, ved å trykke ja, kan du og sjå i kalender på den dagen du har videokonsultasjon. Finn du den fortsatt ikkje må du ringe poliklinikk for å få tilsendt ny.
Eg får ikkje starta app i Android
Nokre mobilar/nettbrett har sikkerhetsinnstillingar som gjer at du ikkje får starta «Skype for Business». Prøv å sjå etter beskjeder kring sikkerhet du må svare ut på skjermen.
Eg får ikkje aktivert video/lyd
Gå til innstillingar/settings på mobilen, finn fram til «Business» eller "Skype for Business" i lista og trykk på denne og sjekk at du har gitt lyd/kameratilgong for appen. Dette gjer ein vanlegvis første gogn ein startar appen.
Eg hører ikkje behandlar
Skru opp lyden vha av volumtaster. Sjekk også at du ikkje har deaktivert lyd – ikon for høgtalar.
Kamera viser ikkje meg
Du har ikkje aktivert kamera, det må du alltid når du kjem inn i videokonsultasjonen. Om det er mobil må du trykke ein plass på skjermen og velge kameraikon for å aktivere.
Eg er tilkobla wifi, men får ikkje aktivert kamera
Du er truleg tilkobla eit offentleg nettverk med sikkerhetsinnstillingar som gjer at du dessverre ikkje får dele video, skru av wifi på mobilen og nytt mobildata.