Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kontaktlege

Alvorleg sjuke pasientar får eigen kontaktlege på sjukehuset. Ordninga skal sikre betre koordinering av helsetenester til denne pasientgruppa.

Det overordna målet er at du som pasient og pårørande skal føle deg trygg og godt ivareteke på sjukehuset. Ordninga gjeld både innanfor somatikk, psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert behandling for ruslidingar (TSB).

Du vil kunne møte andre legar når du kjem til oppfølging eller innleggingar på sjukehuset, men kontaktlegen har det faglege ansvaret for at du som pasient får eit heilskapleg behandlingsløp så lenge du er innlagd, eller går til oppfølging. 
Kontaktlegen skal sørge for at du får den behandlinga du skal ha, at du får dei undersøkingane som du har behov for, ordne medisinar for behandling av sjukdomen, informere deg og dine nære pårørande, og vere den legen du kan ta kontakt med på sjukehuset ved spørsmål knytt til sjukdomen.

Ved andre medisinske spørsmål som ikkje er knytt til den aktuelle sjukdommen, må du ta kontakt med fastlegen.

Sist oppdatert 25.07.2023