HELSENORGE

Rett til å velge behandlingsstad

Skal du til undersøking eller behandling ved eit sjukehus? Du kan sjølv velje behandlingsstad. Før du bestemmer deg er det viktig at du har god informasjon om kva alternativ du har. Bruk informasjonstenesta velg behandlingssted og pasientrådgivarane våre som støtte i valet.

 

Nettsida velg behandlingssted 

Nettsida velg behandlingssted har blant anna informasjon om ventetid og talet på utførte behandlingar ved kvar behandlingsstad. På nettsida finst også informasjon om rettar, oppdatert kunnskap om sjukdommar og behandlingar og lenker til nasjonale kvalitetsindikatorar. 

Pasientrådgivarar 

Pasientrådgivarar er sjukepleiarar med erfaring frå spesialisthelsetenesta. På telefon kan du få individuelle råd om val av behandlingsstad og om rettane dine. Pasientrådgivarane har teieplikt. Du når den lokale pasientrådgivaren din på telefon  24 24 05 00.

Ansvaret til fastlegen 

Fastlegen er den viktigaste rådgivaren til pasienten ved val av behandlingsstad. Som tilvisande lege bør du i samarbeid med pasienten undersøke ventetider ved ulike behandlingsstader. 

Fann du det du leita etter?