We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.
A group of people smiling

Auge Ålesund

Auge Ålesund greier ut og behandlar dei fleste augelidingar. Vi handterer problem som optikar, fastlegen eller den privatpraktiserande augelegen ikkje kan ta seg av.  Vi utfører planlagde konsultasjonar der nye pasientar vert vurderte, utgreidde og behandla medisinsk eller kirurgisk. I ettertid vil dei som treng det, bli følgde opp med kontroll. Det meste av vår behandling blir gjennomført poliklinisk.

Synet ditt- med deg i fokus.

Vi er opptatt av å gi den beste servicen og behandlinga vi har tilgjengeleg, tilpassa kvar enkelt pasient. I tett samarbeid med pasient og pårørande, blir vi einige om vegen vidare. Vi er stolte over å ha dedikerte, dyktige og engasjerte tilsette som har eit godt tverrfagleg samarbeid. Vi har kontinuerleg fokus på verdiane våre:

  • RESPEKT
  • ANSVAR
  • TILLIT
  • TRYGGLEIK

Respekt: alle skal vise respekt for pasientar og medarbeidarar.

Ansvar: alle må ta ansvar for at trivselen ved avdelinga er god.

Tillit: Vi skal skape tillit slik at pasienten kjenner seg godt ivaretatt. Vi må ha tillit til og stole på kvarandre når det gjeld arbeidsoppgåvene og kompetansen til kvar enkelt.

Tryggleik: både pasientar og tilsette skal kjenne seg trygge på Auge poliklinikk.

Desse verdiane er «køyrereglane» for alle tilsette på avdelinga.

Auge Ålesund har eit opptaksområde med cirka 128 000 innbyggarar. For nokre områder, som til dømes undersøking av barn som er fødde for tidleg, er opptaksområdet heile fylket, med 240 000 innbyggarar.

På Auge Ålesund har vi poliklinikk, operasjonsstove og sengepost.

 

Kontakt

Telefon

Auge poliklinikk

70 10 58 70
  • Måndag
    • 1:00 PM - 3:00 PM
    • 8:30 AM - 10:30 AM
  • Tysdag
    • 1:00 PM - 3:00 PM
    • 8:30 AM - 10:30 AM
  • Onsdag
    • 1:00 PM - 3:00 PM
    • 8:30 AM - 10:30 AM
  • Torsdag
    • 1:00 PM - 3:00 PM
    • 8:30 AM - 10:30 AM
  • Fredag
    • 1:00 PM - 3:00 PM
    • 8:30 AM - 10:30 AM
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Auge operasjon

70105871
  • Måndag
    • 1:00 PM - 3:00 PM
    • 8:30 AM - 10:30 AM
  • Tysdag
    • 1:00 PM - 3:00 PM
    • 8:30 AM - 10:30 AM
  • Onsdag
    • 1:00 PM - 3:00 PM
    • 8:30 AM - 10:30 AM
  • Torsdag
    • 1:00 PM - 3:00 PM
    • 8:30 AM - 10:30 AM
  • Fredag
    • 1:00 PM - 3:00 PM
    • 8:30 AM - 10:30 AM
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
For deg som skal ha augeoperasjon

Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF Postboks 1600 6026 Ålesund

Behov for å endre timen din?

HelsaMi
Send oss ei melding via HelsaMi. Logg på helsami.no eller last ned HelsaMi-appen og finn timen din der.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Poliklinikk: 6. etasje

Operasjon: 1. etasje, luke 3 (dagkirurgisk avdeling)

Sengepost: 5. etasje (kirurgisk sengepost 1)

På grunn av ombyggingsarbeid på sjukehuset må alle bruke hovudinngangen (inngang nord). Sjå kart og parkering under Ålesund sjukehus.  

Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5