We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.
A person in a white shirt

Medisinsk sengepost 1 Ålesund

Til medisinsk sengepost 1 kjem pasientar som blir innlagt for utredning og behandling av lungesjukdommar og hjartesjukdommar.

Kontakt

Telefon

Om du vil snakke med ein sjukepleiar kan du ringe oss mellom kl. 12:00 - 14:00.

Postadresse

Ålesund sjukehus Postboks 1600 6026 Ålesund.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Medisinsk sengepost 1 ligg i 2. etasje i lågblokka.

Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Praktisk informasjon

​​Besøkstida er kl. 17.00-19.00 alle dagar. ​

​Det er viktig at du tar med deg ei oppdatert medisinliste, som viser kva medisinar du bruker.

Frukost kl 08:00 - 09:00

Lunsj kl 12:00 - 13:00

Middag kl 15:30 - 16:30

​Dersom du går ut av avdelinga må du på førehand avtale dette med pleiepersonalet. Om du ønskjer det, og behandlande lege tillet det, kan du få permisjonar over kortare tidsrom. Transportutgifter i samband med permisjonar må du dekke sjølv.

​Ta med behagelege klede, innesko og toalettsaker. Sjukehuset tar ikkje ansvar for pengar og verdisaker du har med.

Kurs og møter

  • Kols - Ålesund
    Kurset er for deg som har fått diagnosa kols. Pårørande er velkomne til å delta på kurset
    Kols - Ålesund
    Dato kjem