We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Smertepoliklinikk Ålesund

Vi tar imot smertepasientar til individuelle konsultasjonar og samtalar i tillegg til tverrfaglege vurderingar med lege, fysioterapeut og sjukepleiar. Behandlinga blir starta her, og etter kvart tar kommunehelsetjenesta over.

Tilbodet ved smertepoliklinikken i Ålesund består av:

  • Legekonsultasjonar
  • Rettleiing av fysioterapeut
  • Støttesamtalar og kartleggingsamtalar med sjukepleiar
  • Tverrfagleg vurdering av smertetilstand av lege, psykolog, fysioterapeut og sjukepleiar
  • Smertemeistringskurs for personar med langvarig/kronisk smerte
  • Drop-in trening med fysioterapeut med mindfulness og avspenning
  • Akutt smerteteam som gir bistand på avdelingane måndag/onsdag/fredag
  • Qutenza behandling
  • Medisinsk hypnose

Tilvising bør kome frå fastlege. I dei tilfella der spesialisthelsetenesta sender tilvising, skal kopi av tilvisinga sendast til fastlegen. Pasienten bør vere ferdig medisinsk utgreia og ha fylt 18 år.


Underliggande organisk sjukdom kan vere ei delforklaring til smertetilstanden, men ein organisk diagnose er likevel svært sjeldan den einaste forklaringa på pasienten sine smerter. Derfor er det viktig at tilvisinga inneheld opplysingar som skildrar både medisinske, psykologiske og sosiale forhold.

Tilvisinga må gi ei tydeleg skildring av pasienten sitt problem. Resultat frå medisinske utgreiingar og tidlegare behandlingar skal skildrast på eit relevant detaljnivå. Ved omfattande sjukehistorie kan ein legge ved ein kopi av journalen, men dette kan ikkje erstatte ein gjennomtenkt tilvisingstekst. Spesielt ber vi om at opplysingar om pågåande medikamentell behandling (kortsiktig og langsiktig) er oppdatert og evaluert.

Ei utfyllande og poengtert tilvising er det beste middelet for å gi pasienten korrekt prioritet.

Meir spesifikt bør tilvisinga innehalde opplysingar om:

  • Tidlegare og aktuelle livsbelastningar
  • Psykososiale forhold, nettverk, omsorgsoppgåver
  • Arbeidsforhold/sjukmelding/trygdestatus
  • Angst/depresjon/verstefallstenking
  • Skildring av smertetilstanden - karakter, lokalisasjon og varigheit
  • Funksjonsnivå
  • Tidlegare og pågåande medikamentell behandling og effekt av denne
  • Tidlegare eller pågåande rusadferd
  • Pasienten si eiga forståing og motivasjon for å bli tilvist til smertepoliklinikken

Du må gjerne ta kontakt med oss dersom du ønsker meir informasjon om tilvising, eller om du ønsker å avklare spørsmål før du sender tilvising.


Kontakt

Telefon

Sentralbord Ålesund sjukehus

Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF Postboks 1600 6026 Ålesund

Behov for å endre timen din?

HelsaMi
Send oss ei melding via HelsaMi. Logg på helsami.no eller last ned HelsaMi-appen og finn timen din der.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi held til i høgblokka, 1. etasje. Til høgre for resepsjonen i hovudvestibylen ved inngang sør.

Adresse

Åpningstider
  • I dag 8:00 AM - 3:30 PM
  • Måndag 8:00 AM - 3:30 PM
  • Tysdag 8:00 AM - 3:30 PM
  • Onsdag 8:00 AM - 3:30 PM
  • Torsdag 8:00 AM - 3:30 PM
  • Fredag 8:00 AM - 3:30 PM
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Kurs og møter

  • Smerte - Ålesund
    For pasientar med langvareg/kronisk smerte
    Smerte - Ålesund
    Dato kjem