We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Klinikk for diagnostikk

Klinikk for diagnostikk omfattar fagområda radiologi, nukleærmedisin, medisinsk biokjemi og blodbank, medisinsk mikrobiologi og patologi. Klinikksjef er Per Erik Tødenes.

Vi utfører røntgenundersøkingar og nukleærmedisinske undersøkingar, prøvetaking, tapping og produksjon av blodprodukt, analysering av pasientprøver innan fagområda medisinsk biokjemi og blodbank, medisinsk mikrobiologi og patologi. Klinikk for diagnostikk har tett kontakt med klinikarane og er ein viktig del av kjerneverksemda i føretaket.

Vi er opptatt av kvalitet i alle ledd, og vi gjer vårt beste for å vere ein god og påliteleg samarbeidspartnar for brukarane våre. Vi arbeider aktivt med å forbetre kvalitetssystemet vårt, halde personalet fagleg oppdatert og til ei kvar tid ha moderne utstyr.

Klinikken består av fem avdelingar som er organiserte på tvers av sjukehus. Kvar avdeling er leia av ein avdelingssjef.

Klinikksjef Per Erik Tødenes
 
Avdelingssjef medisinsk biokjemi og blodbank, Brit Valaas Viddal
 
Avdelingssjef medisinsk mikrobiologi, Marie Aslaksen Røed
 
Avdelingssjef patologi, Hilde Guttormsen
 
Avdelingssjef radiologi Molde og Kristiansund, Odd Arne Haram
 
Avdelingssjef radiologi Ålesund og Volda, Eirin Steinsvik
 
Rådgiver, Ida Fallmyr Jørgensen
 
Kvalitetsrådgiver, Ann Helen Aakernes

 

Kontakt

Sentralbord

      Kurs og møter

      Nyheiter