We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Radiologi Kristiansund

Avdelinga tilbyr eit breitt utval av bilettekniske tenester innan diagnostisk røntgen, ultralyd, CT (datatomografi), MR (magnetisk resonans) og beintettleiksmåling (utgreiing av beinskjørheit).

Vi tek imot drop-in (ikkje timebestilling) for røntgen av lungene alle kvardagar (måndag-fredag) mellom kl 09:00 – 11:00 og 12:30 – 14:30.

Ta med deg henvisning på papir dersom du fekk dette av legen som henviste deg.

Dersom mange møter til drop inn samtidig kan det bli noko ventetid.

Ta kontakt med røntgenekspedisjonen ved frammøte, slik at vi får registrert at du er komen.

Har du frikort skal dette visast fram i røntgenekspedisjonen ved frammøte.
Eigendelen kan du betale med kort i bankterminalen vår på røntgenavdelinga. 

Eigendelen er 287 kroner.
Barn under 16 år er gratis.
Betaling for "ikkje møtt til time" er 1544 kroner.

Avdelingssjef Odd Arne Haram
odd.arne.haram@helse-mr.no

Seksjonsleiar Vibeke Aandahl
vibeke.aandahl@helse-mr.no

Kontakt

Telefon

  • Måndag 8:00 AM - 3:00 PM
  • Tysdag 8:00 AM - 3:00 PM
  • Onsdag 8:00 AM - 3:00 PM
  • Torsdag 8:00 AM - 3:00 PM
  • Fredag 8:00 AM - 3:00 PM
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF
Postboks 1600
6026 Ålesund

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Radiologisk avdeling finn du i plan 0.
Gå inn hovudinngangen (plan 1) og ta heis ein etasje ned, eller gå inn inngangen ved sjukehusapoteket (plan 0).

 

A building with a garden in front

Kristiansund sjukehus

Herman Døhlens vei 1

6508 Kristiansund

Praktisk informasjon

Skulle du ha behov for å endre time kan du ringe avdeling for radiologi, Kristiansund sjukehus på telefon 71 12 24 50 mandag - fredag i tidsrommet 09:00 - 15:00. 

Det er viktig at du ringer så snart som råd dersom oppsett time ikkje passer. Unytta timar som ikkje er varsla blir fakturert.