We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Radiologi Molde

Avdeling for radiologi i Molde tilbyr eit breitt utval bilettekniske tenester innan diagnostisk røntgen, ultralyd/doppler, CT (datatomografi), MR (magnetisk ressonans), angiografi (bilete av blodårer), mammografi (røntgenbilete av bryst).

Vi tek imot drop-in for røntgen av lungene alle kvardagar (måndag-fredag) mellom kl 09:00 – 11:00 og 12:30 – 14:30. 

Ta med deg henvisning på papir dersom du fekk dette av legen som henviste deg.

Dersom mange møter til drop inn samtidig kan det bli noko ventetid.

Avdelinga har akuttfunksjon med radiografar og røntgenlegar på vakt heile døgnet.

Ta kontakt med røntgenekspedisjonen ved frammøte, slik at vi får registrert at du har kome.

Har du frikort skal dette visast fram i røntgenekspedisjonen ved frammøte.
Eigendelen kan du betale med kort i bankterminalen på røntgenavdelinga.


Eigendelen er 287 kroner. 

Barn under 16 år er gratis.

Betaling for "ikkje møtt til time" er 1612 kroner.

Avdelingssjef Odd Arne Haram
odd.arne.haram@helse-mr.no

Seksjonsleiar Eli Iren Sildnes
Eli.iren.sildnes@helse-mr.no

Vi flyttar inn i nytt sjukehus på Hjelset

Ver særleg merksam på kva oppmøtestad som står i innkallingsbrevet ditt i denne perioden. Dersom det ikkje står telefonnummer i innkallingsbrevet ditt og du har behov for å nå oss, kan du ta kontakt via sentralbodet på telefon 71 12 00 00.

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset
Dronebilde av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, Hjelset. Eit sjukehus ved fjorden. Arbeid med uteområdet gjenstår.

Kontakt

Telefon

Radiologi Molde

71 12 23 95
  • Måndag 9:00 AM - 3:00 PM
  • Tysdag 9:00 AM - 3:00 PM
  • Onsdag 9:00 AM - 3:00 PM
  • Torsdag 9:00 AM - 3:00 PM
  • Fredag 9:00 AM - 3:00 PM
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Bruk dette nummeret fram til 28. april 2025.

Radiologi Hjelset

71 11 62 21
Nummeret blir bemanna frå 28. april 2025.

Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF
Postboks 1600
6026 Ålesund

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Radiologisk avdeling finn du i 1. etasje, austfløya. Bruk inngang A (hovudinngangen).

Ta kontakt med røntgenekspedisjonen ved frammøte.

Molde sjukehus

Molde sjukehus

Parkvegen 84

6412 Molde

Praktisk informasjon

​Skulle du ha behov for å endre time kan du ringe avdeling for radiologi, Molde sjukehus på telefon 71 12 23 95 mandag - fredag i tidsrommet 09:00 - 15:00.

Det er viktig at du ringer så snart som råd dersom oppsett time ikkje passer. Unytta timar som ikkje er varsla blir fakturert.