We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Hudpoliklinikken Kristiansund

Hudpoliklinikken ved Kristiansund sjukehus har vore i drift sidan 1990. I dag har vi to dermatologar, fem sjukepleiarar og ein sekretær i staben. Pasientane vi undersøker og behandlar kjem i frå Nordmøre og Romsdal. Dei fleste tenestene våre er lokalisert i Kristiansund. I tillegg har vi lysbehandling ved Molde sjukehus.


Slik får du time hos oss

Pasientar må ha skriftleg tilvising frå fastlegen sin for å få time ved hudpoliklinikken. Hudlegen vurderer alle tilvisingar og gir prioritering etter gjeldande retningslinjer.
Vi vil legge til rette for eit godt behandlingstilbod og ønskjer å skape ei god og trygg atmosfære for pasientane våre. Spesielt for dei som har ein kronisk hudsjukdom og som treng behandling fleire gonger i løpet av året. Vi legg difor vekt på Helse Møre og Romsdal sine verdiar: Tryggleik - Kvalitet - Respekt. 

Desse diagnosane er nokre av sjukdomane vi gir behandling for:
  • Psoriasis
  • Atopisk eksem
  • Eksem/utslett/kløe
  • Leggsår
  • Hudkreft, ikke-melanom
  • Føflekk-kreft, melanom
  • Aktinske keratoser
  • Akne
  • Skabb
  • Kjønnsjukdomar
Du kan du lese generell informasjon om desse diagnosane på helsenorge.no

Hensikta med undersøkingar er å finne rett diagnose. Nokre behandlingar krev også at ein kontrollerar urin og blodverdiar.
  • Biopsiar/hudprøvar 
  • Blodprøvar 
  • Urinprøvar:
    • nokre medikament krev undersøking av urin
  • Mikroskopiske undersøkingar av sopp, f.eks. fotsopp
  • Allergitestar
    • Lappetest med avlesing hos lege 3. dag. Vi tilbyr følgande lappetestar for å undersøke mogeleg kontaktallergi:
      • European baseline
      • Dental-test
      • Kosmetikk-serie
      • Olje og kjølevæske
    • Prikktest 
  • Doppler-undersøking - kontroll av blodgjennomstrømming i leggar og føtter

Du finn meir utfyllande informasjon om mange av behandlingane under overskrifta BEHANDLING lengre nede på sida.


Lysbehandling

Vi tilbyr TL01- lysbehandling for heile kroppen, lokalt for hender/føtter, genitalt og for hodebunn. Lysbehandling blir gitt av sjukepleiar etter forordning frå lege, som regel tre gonger pr veke i ca. 8  veker.

Opningstider for lysbehandling i Kristiansund er kl 08.15 – 11.00 og 12.15 – 15.15.

Vi tilbyr TL01-lybehandling også ved Molde sjukehus. Vi tilbyr behandling i heilkroppskabinett, lokalbehandling for hender og for hodebunn. Pasientar med psoriasis, eksem og andre hudsjukdommar skal tilvisast til Kristiansund sjukehus for vurdering. Kontrolltimar hos lege vil også foregå i Kristiansund. 

Opningstider for lysbehandling i Molde er måndag, onsdag og fredag kl 10-14.

PDT-behandling

Fotodynamisk terapi er behandling av basalcellecarsinom, Mb. Bowen, solar keratose og aktinisk keratose. Behandlinga tar til saman ca. 3 – 4 timar. Først skrapar legen området som skal behandlast, deretter vert det lagt på Metvix krem og området vert dekka med plaster. Etter 3 timar kjem pasienten tilbake, plaster og krem fjernast, og området vert lyst på med rødt lys i ca 8 - 9 minutt. Denne behandlinga kan nokre gongar medføre ubehag i form av stikkande eller brennande følelse. 

Ved enkelte diagnosar gjentas behandlinga etter 7 - 10 dagar, og då blir behandlinga gjennomført av sjukepleiar.

Kryobehandling

Frysing av solar keratose og basalcellecarsinom.

 

Sårbehandling ved venøse leggsår

Ofte brukar vi Kaliumpermanganat-bad (KP-bad) som verkar desinfiserande, tørkar ut væskande eksem og som verkar kløstillande. Dersom bra blodgjennomstrømning er behandlinga kompresjonsbandasje eller kompresjonstrømper.

Arterielle sår og diabetiske fotsår blir fortrinnsvis behandla ved kirurgisk poliklinikk.

Okklusjonsbehandling (DD-behandling)

Ved psoriasis, sår og eksem.
Ein penslar områda med kortisonoppløysing og dekker med tynn Duoderm-plate.



Pasientar som må innleggast for sin hudsjukdom, blir sendt til St. Olavs hospital i Trondheim. Kosmetisk behandling utførast ikkje ved Hudpoliklinikken i Kristiansund.
Vi har ikkje tilbud om laserbehandling.




Kontakt

Telefon

Ekspedisjon:

71122015

Sjukepleiar:

71122022

Onsdag og fredag. Andre dagar tar du kontakt med ekspedisjonen ved Kristiansund sjukehus). Fax:

71122335

Postadresse

Helse Møre og Romsdal Hudpoliklinikken Kristiansund Kristiansund sjukehus Hermann Døhlensvei 1 6508 Kristiansund

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Hudpoliklinikken i Kristiansund finn du i 1. etasje på sjukehuset. Gå inn hovudinngangen og til venstre for sentralbordet. Ekspedisjonen til Hudpoliklinikken ligg på venstre side i korridoren. Meld deg her ved ankomst.

Lysbehandling i Molde finn du i apotekbygninga ved Molde sjukehus, Parkvegen 81. Inngang rundt hjørnet til høgre for apotekinngangen.

A building with a garden in front

Kristiansund sjukehus

Herman Døhlens vei 1

6508 Kristiansund