We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Samhandling på tvers om læring og meistring

For å sikre utvikling og gode lærings- og mestringstilbod til den enkelte arbeider Lærings- og meistringssenteret utstrakt med tverrfagleg samarbeid og samhandling på tvers. Både lokalt og regionalt i sjukehusa mellom avdelingar og fagmiljø, samt utvida samhandling med kommunar, fastlegar, brukarorganisasjonar, NAV eller andre tenester.

Samarbeid - hender

Foto: colourbox

Samarbeid med kommunale tenester og brukarorganisasjonar

Det jobbast med forbetra samarbeid mellom tilbydarar av lærings- og mestringstilbod i kommuner og helseføretak. Dette kan til dømes vere frisklivssentralar, eller fastlegar og NAV. Det føregår også godt samarbeid mellom Lærings- og meistringssenteret og ulike brukarorganisasjonar/ brukarrepresentantar.

Føremålet er å kjenne til kva tenester dei ulike tilbyr, å samarbeide om tilbod innan læring og meistring, styrke brukarmedverknaden i tilboda samt å jobbe for fagutvikling.

Oversikt over frisklivssentralar i Møre og Romsdal

I Møre og Romsdal har Kristiansund Friskliv og mestring rolla som u​tviklingssentral. Desse skal bidra spesielt til erfaringsutveksling og nettverksbygging.

Helsefellesskap i Møre og Romsdal​

Det er oppretta gode arenaer for samhandling gjennom Helsefellesskap Møre og Romsdal. Desse fellesskapa består av kommuner i opptaksområda og helseføretaket. Der representantar frå ulike fagområder i helseføretaket, tilhøyrande kommuner, brukarar, fastlegar og også representantar frå Lærings- og meistringssenteret møtes regelmessig for å planlegge og utvikle tenestane saman.

Oversikt og meir informasjon om Helsefellesskap

Regionalt samarbeid

Ein samarbeider på tvers i Helse-Midt for å utvikle Lærings- og meistringsarbeid. Lærings- og meistringssenteret i Helse Møre og Romsdal har på oppdrag frå Helse Midt-Norge RHF ansvar for regionale oppgåver innan opplæring av pasientar og pårørande. Denne funksjonen vert kalla Regional ressurs for Opplæring av Pasientar og Pårørande (ROPP).

Kontaktinformasjon ROPP: 
Camilla Kleppe Eidså, rådgivar, Volda
Camilla.Kleppe.Eidsa@hel​se-mr.no

Rita Overvåg, rådgivar Kristiansund
Rita.Overvag@helse-mr.no​

Meir informasjon om den regionale funksjonen for opplæring av pasientar og pårørande (Helse-Midt)​

Nasjonalt samarbeid - NK LMH

Dei ulike Lærings- og meistringssentra i landet samarbeider m​ed Nasjonal kompetansetjeneste innen læring- og mestring i helse (NK LMH). 

NK LMH skal bidra til at lærings- og mestringsvirksomhet i heile landet held god kvalitet og er kunnskapsbasert, slik at personar med helseutfordringar og deira nærmaste opplev auka mestring og livskvalitet.

Det nasjonale kompetansesenteret fokuserer mellom anna på forsking, helsekompetanse, helsepedagogikk og nettverksbygging. I tillegg samarbeidspart for helseføretaka i utvikling av årlige lunsjwebinar for læring og mestring.

 
 
Last updated 12/21/2023