Arbeidsretta rehabilitering (ARR)
Arbeidsretta rehabilitering er eit tilbod til personar med muskel- og skjelettlidingar og sammensatte lidingar, som står i fare for å bli eller er sjukemeldt frå jobb eller studiar. Tilbodet er gruppebasert, men individuelt tilrettelagd til kvar enkelt. Eit av måla er at deltakarane skal komme seg heilt eller delvis ut i arbeidslivet igjen, og det er vesentleg at du er motivert for dette. Tilbodet egner seg ikkje for personar med pågåande alvorleg psykisk lidelse og/eller rusavhengighet.
Arbeidsretta rehabilitering kan foregå som poliklinisk tilbod eller døgntilbod.
Slik er tilbodet lagt opp
- 5-døgnsopphald (måndag til fredag). Mot slutten av opphaldet vil du, saman med det tverrfaglege rehabiliteringsteamet, lage ein rehabiliteringsplan med mål og tiltak. Denne planen skal vere styrande og i fokus i heimeperioden.
- Heimeperiode på ca 3-5 veker som vi skreddarsyr med aktuell poliklinisk oppfølging etter behov. Dette kan vere gruppetrening, individuell trening/rettleiing med terapeut, oppfølging med rehabiliteringskoordinator og/eller samtalar med psykistrisk sjukepleiar. Dei som bur i rimeleg avstand til senteret, får tilbod om å komme fysisk hit for oppfølging. Andre får tilbodet digitalt.
- Nytt 5-døgnsopphald. Mot slutten av opphaldet vil du, saman med det tverrfaglege rehabiliteringsteamet, vurdere kva type poliklinisk oppfølging som er aktuell for deg.
Tilvising og vurdering
Fastlege eller spesialistlege sender tilvising.
Før
Kartlegging før opphaldet
Som ein del av førebuinga har nevrolog videokonsultasjon, evt. telefonsamtale, med alle før innkomst. Deretter er det kartlegging med rehabiliteringskoordinator og/eller fysioterapeut/ergoterapeut. Dette skjer anten fysisk eller via videokonsultasjon. Vi kartlegg ulike faktorar som har innverknad på helsa, for eksempel personlege faktorar, miljø, aktivitet- og deltakingsfunksjon og kroppsfunksjon. Vi har ekstra fokus på arbeidsdeltaking.
Digital eigenregistrering med CheckWare
Under
Etter
Kontakt
Aure rehabiliteringssenter
Aure rehabiliteringssenter
Ventetid: Ikke oppdatert
Ventetid: Ikke oppdatert
Kontakt Aure rehabiliteringssenterOppmøtestad
Bergsvegen 38
Aure rehabiliteringssenter
Aure rehabiliteringssenter
Bergsvegen 38, 6690 Aure