Behandling
Behovsstyrt oppfølging av pasienter med IBD
Pasientar som får oppfølging for IBD, ved poliklinikk for mage/tarmsjukdommar i Ålesund, kan få høve til å registrere informasjon om eige sjukdomsforløp ved innlogging på ein digital nettportal. Slik kan ein i større grad medverke i oppfølginga si.
Ved poliklinikk for mage/tarmsjukdommar i Ålesund tilbyr vi oppfølging med regelmessige kontrollar for alle som har IBD. Vanlegvis har vi tilbode slike kontrollar med jevne mellomrom.
Poliklinikken tilbyr no behovsstyrt oppfølging av IBD som eit alternativ til ordinær poliklinisk oppfølging. Dette gir deg som pasient moglegheit til å vere med på å styre når og korleis oppfølging av din IBD skal skje. Oppfølginga blir tettare og til rett tid, men du treng nødvendigvis ikkje å møte opp til poliklinisk time kvar gang.
Før
Du får tilbod om oppfølging ved hjelp av digital eigenregistrering. Dersom du ikkje har fått eit slikt tilbod, men likevel er interessert i denne typen oppfølging, ta kontakt med avdelinga.
Dette er ikkje ei løysing for umiddelbar hjelp. Kontakt legevakt eller ring 113 viss det hastar.
Under
- Du får SMS med lenke når det er tid for eigenregistrering. Du kan logge inn i nettportalen frå smarttelefon, nettbrett eller PC. Innlogging skjer via ID-Porten med elektronisk ID (BankID). Rapporten blir fylt ut på ein sikker nettportal, levert av underleverandøren til sjukehuset, CheckWare
- Når du har logga inn får du digitale spørreskjema med 10 spørsmål rundt utfordringar. Dette må du fylle ut kvar 4. månad og ein gong i året skjema om livskvalitet. Du kan og frivillig fylle ut ved endring i situasjonen.
- IBD-sjukepleiar går gjennom svara dine, og ut frå desse blir du ved behov kontakta per telefon for utfyllande vurdering eller du blir sett opp til time med lege eller IBD-sjukepleiar. Dersom det ut frå svara ikkje kjem fram forhold som krev vidare vurdering, høyrer du ikkje noko frå oss før du får nytt skjema fire månader seinare. Då oppfattar vi at tilstanden din er stabil og tilfredsstillande.
- Ved behov kan du kontakte oss direkte gjennom innlogging på di side òg utanom dei kvartalsvise skjema; det er en gevinst ved behovsstyrt oppfølging.
Følg lenke under for å levere skjema.
Trykk her for å logge inn og fylle ut skjema (CheckWare)
Etter
Du står fritt til å avbryte den digitale oppfølginga og gå tilbake til ordinær oppfølging når du måtte ønske det. Ta kontakt med oss dersom du ikkje lenger ønsker tilbodet om digital eigenregistrering.