Behandling
Ernæringsutfordringer hos barn - digital oppfølging ved Ålesund sjukehus
Avdelinga tilbyr digital heimeoppfølging av barn med ernæringsutfordringar som kan reise heim tidleg og framleis vere under oppfølging av sjukehuset via digital kommunikasjon.
Digital heimeoppfølging er ein del av eit innovasjonsprosjekt. Dei digitale løysingane er under utvikling og utprøving, og vil gradvis innførast saman med videokonsultasjon og egenregistreringer, for trygg og god oppfølging av barn og familiar som nyttar seg av tilbodet om heimesjukehus.
Målgruppa er barn som har langvarig sjukehusopphald med behov for vedvarande oppfølging av spesialisthelsetenesta.
Vi veit at dei yngste pasientane våre og familiane deira som har langvarige sjukehusopphald kan oppleve dette som belastande. Dette med tanke på logistikk og å vere lenge borte frå søsken og foreldre heime. Heimesjukehus brukar digital kommunikasjon for å understøtte ei trygg og tidleg overføring til heimen.
Kven passar tilbodet for?
Barn som er medisinsk stabile, men som har behov for oppfølging pga ernæringsutfordringer. Tilbodet passer også for andre barn som har behov for støtte og ekstra oppfølging.
Før
Før heimreise har sjukepleiar samtaler med foreldre der vi avklarar familien sitt behov for å føle tryggleik ved digital heimeoppfølging. Før overføring til heimesjukehus må barnet være klinisk stabilt. Ansvarleg barnelege skal godkjenne barnet for tidleg heimreise.
Pasientsikkerheit er i fokus og foreldra får eventuelt opplæring i sondenedlegging og trygg håndtering av denne. Det blir gitt teoretisk og praktisk gjennomgang. Opplæring i bruk av digitale kommunikasjonsverktøy blir gitt og testa før heimreise. Foreldra får låne nødvendig utstyr som vekt gratis, og evntuelt henta ut forbruksartiklar til sondemåltida frå apotek.
Tilbodet er frivillig og familien har rett til retur viss foreldra ønsker det, eller etter vurdering av lege. Det må vere en omsorgsperson i heimen, og pleiepengar under oppholdet i heimesjukehus kan være aktuelt.
Kva inneber det for foreldre å reise heim med digital heimeoppfølging?
Foreldra må ønske tidleg heimreise og føle seg trygg på eigen meistring i oppfølging av barnet. Foreldre til små barn kan oppleve uvisse om helsetilstanden til barnet og kva som er faresignal og korleis dei kan handtere dette heime. Digital heimeoppfølging vil gi foreldra ei moglegheit til å bidra i behandlingsplanen til barnet og fremme eigen meistring. Opplæring av foreldre skjer før utreise og oppfølging av tilstanden til barnet skjer kvar dag via digital heimeoppfølging.
Observasjonar heime
Foreldra leverer inn eit elektronisk skjema dagleg der avtalte observasjoner føres inn. Behandlar vurderar svar, og avhengig av desse kan det bli aktuelt å kontakte foreldra for ein konsultasjon.
Vi ønsker mellom anna å vite kva barnet får av ernæring og generell almenntilstand.
Under
Digital eigenregistrering ved heimesjukehus
Vi brukar eigenregistrering i ein digital nettportal (ChekWare). På denne måten får vi som følgjer opp barnet nyttig informasjon og kan betre følgje med på utviklinga til barnet. Det er foreldra som har ansvar for å logge seg på og registrere opplysingane.
FRAMGANGSMÅTE
- Du får SMS med lenke til innloggingssida når det er tid for eigenregistrering. Du kan logge inn i nettportalen frå smarttelefon, nettbrett eller PC. Innlogging skjer via ID-Porten med elektronisk ID (BankID). Rapporten blir fylt ut på ein sikker nettportal
- Når du får første SMS får du informasjon og ei orientering om digital eigenregistrering. Ved neste SMS blir du lenka direkte til innlogging og registrering.
- Du får ein ny sms dagleg klokka 18. Her registrerer du avtalte målingar frå siste døgn, frå klokka 18:00 til 17:59. Nettovekt på små barn skal takast før måltid og utan klede.
- Sjukepleiar og lege går gjennom svara dine dagen etterpå, og ut frå desse blir vidare anbefalingar vurdert.
De kan under heile perioden ringe avdelinga viss de har spørsmål.
Allereie under digital oppfølging? Følg lenka for innlogging
Følg lenke under for å levere skjema.
Etter
Ved avslutning av digital heimeoppfølging får du utskrivningssamtale med sjukepleiar for eventuell vidare oppfølging. Familiane leverer inn lånt utstyr og får tilsendt ei lenke der vi spør om evalering i ei spørjeundersøking. Spørjeskjemaet handlar om opplevingane til foreldra ved bruk av digital heimeoppfølging.
Innovasjon - kvalitetsutvikling
Familiar til barn med ernæringsutfordringar som ønsker å bruke digital heimeoppfølging, blir bedt om å samtykke til bruk av informasjonen frå digital heimeoppfølging til kvalitetsutvikling. Dette for at vi skal kunne evaluere og vidareutvikle behandlingstilbodet innan digital heimeoppfølging for barn.
Alle data blir anonymiserte etter avslutta prosjekt og kan ikkje identifiserast. Erfaringane vil òg nyttast til å vidareutvikle moglegheiter for å utvikle tilbodet.
Følgjande forskingsspørsmål blir undersøkte:
- Tryggleik under bruk av heimesjukehus
- Ernæringsutvikling
- Brukargrensesnitt
- Liggetid under heimesjukehus
Kontakt
Ålesund sjukehus
Sengepost barn og ungdom Ålesund
Ålesund sjukehus
Sengepost barn og ungdom Ålesund
Kontakt Sengepost barn og ungdom Ålesund
Oppmøtestad
Sengeposten finn du ved barneavdelinga, eit eige bygg like ved hovudinngangen til Ålesund sjukehus.Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5