Behandling
Heimeoppfølging av skrøpelege eldre (PSHT)
Målet er å styrke helsetenesta til eldre pasientar med samansette og kroniske sjukdommar gjennom betre samhandling mellom kommune og spesialisthelsetenesta. Utgangspunktet er kva pasienten sjølv synest er viktigast i situasjonen.
Tidleg kontakt
Teamet arbeider førebyggande og ønsker å kome tidleg i kontakt med pasienten for å førebygge utvikling eller forverring av sjukdom gjennom:
- tidleg utgreiing og diagnostikk
- tett oppfølging ved utskriving
- godt planlagde og koordinerte pasientforløp der pasienten og pårørande er aktivt involvert
Kva kan PSHT-teamet bidra med i heimen/på sjukeheim?
- Tverrfagleg vurdering og utgreiing
- Starte behandling i samarbeid med fastlege/geriater og annan kommunehelseteneste
Teamet er eit supplement til eksisterande tilbod i sjukehus og kommune, og vil samarbeida med desse.
Kva kan PSHT-teamet bidra med ved utskriving?
- bidra til betre koordinert utskriving
- bistå med å organisere nødvendig opplæring for personale og oppfølging heime den første tida
Kontakt
Ålesund sjukehus
Poliklinikk for alderdom- og slagsjukdommar Ålesund
Ålesund sjukehus
Poliklinikk for alderdom- og slagsjukdommar Ålesund
Kontakt Poliklinikk for alderdom- og slagsjukdommar Ålesund
Oppmøtestad
Poliklinikken finn du på nordsida av sjukehuset i 1. etasje, meld deg i luka ved medisinske poliklinikkar.Adresse
Åpningstider
- I dag 8:00 AM - 4:00 PM
Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5