Behandling
Hjarterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus
Alle som har hatt hjarteinfarkt, er behandla med utblokking av kransearteriar eller har operert kranseårar ved bypass-operasjon, kan få tilbod om hjarterehabilitering.
Hjarterehabiliteringa er lokalisert ved Ålesund sjukehus og inneheld trening og undervisning, samt medisinsk oppfølging individuelt og i grupper.
Trening er ein viktig del av rehabiliteringa. Det er trening ein til to gonger i veka alt etter kva slags forløp du får tilbod om. Treninga kan vere ein kombinasjon av digital oppfølging og fysisk oppmøte på sjukehuset, i tillegg til eigentrening. Hjarterehabiliteringa vil rettleie, informere og gi deg råd, samtidig som du sjølv tek aktivt del i di eiga rehabilitering. Gjennom undervisning og individuell oppfølging vil du få kunnskap og innsikt rundt eigen sjukdom, slik at du blir betre i stand til å meistre sjukdomen og kjenne deg trygg.
Vi er ei tverrfagleg gruppe med sjukepleiar, fysioterapeut, hjartelege og klinisk ernæringsfysiolog som skal hjelpe deg.
Mål med hjarterehabiliteringa
Eit av måla med hjarterehabilitering er å gjere deg trygg. Vi vil gi deg auka kunnskap om hjartesjukdommen og erfaring med kva hjartetrening er, slik at du etter hjarterehabiliteringa kan fortsette liknande trening. Kunnskapen vil gjere deg bevisst på kva du må passe på for å førebygge ny hending.
Tilvising og vurdering
For å delta på hjarterehabiliteringa må du ha tilvising frå lege. Det skjer som oftast ved utskriving frå hjartemedisinsk sengepost anten ved Ålesund sjukehus eller St. Olavs hospital i Trondheim. Om du har fått behandling andre stader kan du gå til fastlegen din for å få tilvising.
Før
Etter utblokking eller hjarteinfarkt kan du vanlegvis starte rehabilitering ei veke etter utskriving. Om du er hjarteoperert kan du starte med rehabilitering fire til seks veker etter operasjonen, men allereie første veka etter hjartehendinga er det fint å kome i gong med lette turar heime.
Det er inga øvre aldersgrense for hjarterehabilitering, men du må ha eit visst fysisk funksjonsnivå for å delta. Du må kunne gå utan hjelpemiddel og klare å gå ein tur på 30 minutt på flat veg. Samtidig må du vere motivert for trening.
Svare på spørreskjema
Når vi har motteke tilvisninga di, vil du motta ei tekstmelding (SMS) frå oss med lenke til denne informasjonssida slik at du kan gjere deg kjent med rehabiliteringstilbudet aller først. Dernest får du ein ny SMS der vi ber om at du loggar deg inn med BankID og svarar ut fem enkle avkryssingsspørsmål. Vi brukar svara dine til å planlegge helsehjelpa di best mogleg.
Under
Hjarterehabiliteringa består av både undervising, trening og medisinsk oppfølging.
Undervisning på Hjarteskule
Aktuelle tema for hjarteskulen er:
- Kosthald
- Blodtrykk og kolesterol
- Fysisk aktivitet
- Stressmeistring
- Medisinar
- Hjartesjukdom
- Å leve med hjartesjukdom
- Endring av livsstilsvanar
Trening
Treningane blir leia av fysioterapeut med sjukepleiar til stades. På første trening blir vi kjend med deg og kan tilpasse intensiteten etter di fysiske form og kondisjon.
Trening på hjarterehabiliteringa skal kombinerast med eigentrening. Du får råd og rettleiing og lagar treninga slik du ønsker å trene. Trening skal vere motiverande og ha riktig intensitet, derfor er det viktig at du tek eigarskap i utforming av eigentreninga. På den måten blir det lettare å halde på gode vanar vidare.
Treningsprogrammet som blir gjennomført på hjarterehabiliteringa er 4x4 minutt intervall. Det betyr 4 minutt med høg intensitet som ein gjentek 4 gongar. Hjartetrening er kondisjonstrening som betyr at du skal bli andpusten og sliten. Programmet 4x4 minutt intervall med høg intensitet er godt dokumentert er ein trygg treningsform for hjartepasientar. Programmet blir brukt hos dei fleste hjerterehabiliteringar i landet. Etter intervalltreninga følgjer 15-20 minutt med stabilitet- og styrketrening.
Treningane kan vere både på tredemølle, ergometersykkel og i treningssal.
Ta med
- Gode sko
- Lette treningsklede
- Drikkeflaske
- Handduk
Hjarterehabiliteringa tilbyr tre forskjellige forløp. Kva slags forløp du får tilbod om blir bestemt ut ifrå tilvisinga og svara du gir på spørjeskjemaet.
Du betaler eigenandel på kroner 351,- for å delta i heile rehabiliteringsforløpet, uansett kva forløp du deltek i. Eigenandelen går inn i frikortet frå Helfo.
Etter
Etter at du har delteke på hjarterehabiliteringa, bør du ha kome inn i eigne treningsvanar som du opprettheld vidare.
Dersom du vil halde fram med liknande hjartetreningsgruppe som på sjukehuset, kan du få informasjon om kommunale og private treningsgrupper du kan delta i.
Kunnskapen og erfaringa du får på hjarterehabiliteringa skal gjere deg trygg på å belaste hjartet. Etablerte rutinar gjer at du vidare kan pleie hjartet i kvardagen, ved hjelp av gode livsstilsvanar.
Etter rehabilitering er det viktig med regelmessig kontroll og oppfølging av blodprøver og blodtrykk hos fastlege.
Kontakt
Ålesund sjukehus
Poliklinikk for hjartesjukdommar
Ventetid: 5 uker
Ventetid: 5 uker
Kontakt Poliklinikk for hjartesjukdommarOppmøtestad
Bruk inngangen på nordsida. Hjarterehabiliteringa held til på fysioterapiseksjonen i underetasjen rett under medisinsk poliklinikk. Ta til høgre når du kjem inn, og følg skilting til hjarterehabiliteringa.Opningstider
- I dag 8:00 AM - 4:00 PM
Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5
Transport
Ventetid
Praktisk informasjon
Kurs
- Hjarterehabilitering - ÅlesundAlle som har hatt hjarteinfarkt, er behandla med utblokking av kransearteriar eller har operert kranseårar ved bypass-operasjon, kan få tilbod om hjarterehabiliteringHjarterehabilitering - ÅlesundDato kjem