We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.
A few people working on a computer

Digitale helsetenester

HMR Nær

Vi flytter helsetenestene nærare pasientane. I Helse Møre og Romsdal ønsker vi ved hjelp av teknologi, å tilby heile eller delar av behandling og oppfølging der du er. Det betyr at du slepp å reise til sjukehuset og kan få nødvendig oppfølging i eigen heim.

Meir oppfølging heime

Vi vil tilby deg ei trygg behandling uansett om den skal vere digitalt eller fysisk. Kva som passar for deg i forløpet ditt blir bestemt i samråd med behandlaren din. I mange tilfelle vil det framleis vere nødvendig med fysisk oppmøte på eit av sjukehusa i Helse Møre og Romsdal, men det er eit mål å kunne tilby meir behandling og oppfølging heime. 

Oppdage endringar tidlegare

Digital oppfølging gir deg som pasient fordelen av å sleppe å reise til sjukehuset. Det kan også gi helsepersonell høve til å oppdage endring​ar i tilstanden din på eit tidlegare tidspunkt. 

Vidareutviklar stadig nye tilbod

Blant våre digitale helsetenester har vi ei rekkje behandlingstilbod og nye er under utvikling. I oversikta under kan du lese meir om behandlingstilboda og korleis vi jobbar med å vidareutvikle nye tilbod slik at fleire pasientgrupper kan velje digital behandling og oppfølging.  ​

Forløp under utvikling: 

Brystkreft - digital screening før cellegift og digital informasjonspakke

Digital sårbehandling - DMS Kristiansund. Kontakt: Gudrun Karlsen

Lungekreft - digital screening før cellegift​. Kontakt: Kjetil Roth

Nyresvikt - heimedialyse. Kontakt: Øyvind Kaarbø

Prostatakreft - digital screening før cellegift og digital informasjonspakke

Trygg start på livet - samarbeid med kommuner om høyrselscreening og bilirubinsjekk. Kontakt: Martha Molvær

 

Helse Møre og Romsdal tilbyr både digitale og hybride kurs for pasientar og pårørande

Artiklar om HMR Nær

Last updated 7/2/2024