We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Pasientkurs

Autisme / Asperger syndrom - foreldre til barn og ungdom - Molde

Kurs for foreldre/føresette til barn og unge med autismespektervanskar

12.
June
2025
2 dagar
  1. 12. Jun 2025
  2. 13. Jun 2025

Tid og stad

Når

  1. 12. Jun 2025
  2. 13. Jun 2025

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

BUP Molde i samarbeid med PP-tjenesten, autismeforeningen fylkeslaget i Møre og Romsdal og Lærings- og mestringssenteret i Helse Møre og Romsdal.

Ønskjer du/dykk å delta på opplæringa, ta kontakt med fastlegen din for tilvising.

Er familia i behandling i spesialisthelsetenesta ved BUP, treng ein ikke tilvisning. 

Foreldre må sjøl melde seg på opplæringa. 

Kvifor delta

Med kurset ønsker vi at foreldre/foresatte og skole- og barnehageansatte skal få auka kunnskap om kva autisme/asperger syndrom er og korleis ein kan møte barn og unge med autisme/asperger syndrom både i hjemmet og i skole- og barnehagekvardagen. Vi ønsker å skape auka forståing og meistring i rolla som forelder/føresett og fagperson.

Vi oppmodar begge foreldre til å delta på opplæringa.

Innhald

  • Kva er Autismespektervanskar - kva veit vi om årsak og tilleggsvanskar?

  • Familieperspektivet og åpenheit om diagnosa

  • Foreldrerolla, familiesituasjon, søsken og samspel

  • Skolekvardagen

  • Erfaringsutveksling med samtaletema

  • Tilrettelegging skole og samarbeid hjem-skole

  • Verktøy for å gi oversikt og auka forståing

  • Ein vaksen ungdom med autismespektervanskar fortel om sin kvardag og skoleoppleving

  • Innlegg frå Autismeforeininga fylkeslaget i Møre og Romsdal

  • Tilrettelegging i heimen - en mors nytte av å skape oversikt og førebuing v/foreldrerepresentant

Rettar, eigenandel og opplæringspengar.

Ingen eigenandel.

Det kan søkjast om opplæringspengar for deg som er yrkesaktiv og som har omsorg for et longvarig sjukt eller funksjonshemma barn. Opplæringspengar bereknast på same måte som sjukepengar, og skal erstatte tap av arbeidsinntekt ved fråvær frå arbeid for å vere med under opplæringa.

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her

Nyttige nettsider

Støtteordninger for familier i barne- og ungdomspsykiatrien - St. Olavs hospital (stolav.no)

 Autismeforeningen i Norge, Møre og Romsdal fylkeslag

Kontakt

Relevante behandlingar