Tid og stad
Når
- 03. Dec 2024
- 04. Dec 2024
Type arrangement
Arrangør
Kvar
Ålesund sjukehusKvifor delta på kurs
Målet med kurset er å auke kunnskap om hjertestartar for pasienten og pårørande, samt skape tryggleik, forståing og meistring. Gjennom kurset vil ein også få møte andre i liknande situasjon.
Innhald
Praktiske opplysningar
Dagskurset vert halde ved Ålesund sjukehus og er aktuelt for pasientar tilhøyrande Ålesund og Volda sjukehus.
Det vil bli servert lunsj, kaffe/te, samt frukt. Bevertning kr 200 (belastast via faktura i etterkant). Gi beskjed om du ikkje ønsker bevertning.
Buss stoppar på busslomma rett utanfor sjukehuset. Ved bruk av eigen bil må du nytte betalingsparkering ved sjukehuset. Parkeringsplassar for dei med forflyttingsvanskar skal være merka.
Det er bindande påmelding. Ved ikkje møtt uten å ha gitt beskjed vil den enkelte bli belasta med eit ikkje-møtt gebyr.
Rettar og eigenandel
Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset. Opplæring er likestilt med fråvær i samband med behandling/undersøking og kjem difor inn under same regelverket, både når det gjeld reiserefusjon og sjukefråvær frå jobb.
Du kan få refundert reiseutgiftene dine om du fyller vilkåra for reiserefusjon. Sjå nærare informasjon og evt. elektronisk registrering av reise på www.helsenorge.no. Reiserekningsskjema blir tilgjengeleg på kurset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort eller er pårørande. Faktura sendes etter kurset.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her
Nyttige nettsider
Landsforeningen for hjerte- og lungesyke LHLKontakt
Hjertemedisinsk poliklinikk ved Ålesund sjukehus
70 10 56 20