Tid og stad
Når
- 25. Feb 2025
- 27. Mar 2025
- 29. Apr 2025
Type arrangement
Arrangør
Kvar
Ålesund sjukehusKvifor delta på kurs
Med kurset ønsker vi at du og dine pårørande skal få auka kunnskap om diabetes, korleis førebygge forverring og skape auka tryggleik, forståing og meistring i det å leve med diabetes.
Vi ønsker også at du skal få møte andre med same sjukdom og utveksle erfaringar.
Vi oppfordrar pårørande til å delta på opplæringa.
Innhald
- Om diabetes
- Føtter og diabetes
- Behandling og komplikasjonar
- Blodsukkermåling
- Meistring av sjukdommen
- Rettar
Praktiske opplysningar
Bevertning: Kaffi/te, frukt og lunsj. Faktura sendast i etterkant av kurset. Gje beskjed dersom du har allergiar eller ikkje ønsker bevertning.
Dersom du ikkje kan møte har vi avmeldingsfrist som regel ei veke før kursstart. Avmelding til: diabetespoliklinikken 70 10 50 00 (sentralbord- for å bli satt over) 70 10 53 83 – sekretær v/diabetespoliklinikken.
Ved ikkje møtt uten å ha gitt beskjed vil den enkelte bli belastet med eit gebyr.
Venleg gje beskjed i god tid dersom det er særskilde behov vi skal ta omsyn til f.eks. kost, høyrsel etc.
Tenk gjerne gjennom spørsmål på førehand.
Rettar og eigenandel
Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her
Nyttige nettsider
Kontakt
Diabetes poliklinikk Ålesund sjukehus
70 10 54 29 / 70 10 53 86